Hopp til innhold

Brukar avslutninga av påska til å gjera bistandsarbeid i Afrika

Tre elevar frå Flora VGS reiser påskeaftan til Nkhotakota i Malawi for å sjå korleis skulens bistandsprosjekt fungerer i praksis.

Frå venstre Ingeborg Vik (18), Edwina Rossi (17) og Johanne Malene Grønnevik (17)

UT PÅ TUR: Frå venstre, Ingeborg Vik (18), Edwina Ann Kronen Rossi (17) og Johanne Malene Grønnevik (17) har med seg datautstyr, klede og drakter frå Florø fotball då dei i dag reiser til Malawi. Der skal dei sjå på korleis dei skal bruke pengestøtta dei har fått.

Foto: Privat

– Det vert spennande. Eg har reist før, men aldri utanfor Europa, seier Edwina Ann Kronen Rossi (17).

Saman med klasseveninnene Ingeborg Vik (18) og Johanne Malene Grønnevik (17) reiser dei påskeaftan til Malawi for å følgje opp bistandsprosjektet til Flora VGS. Med på turen er også tre lærarar og prosjektleiar Øystein Garfors.

I februar fekk Flora VGS 6,5 millionar kroner i støtte frå Norad og SIU gjennom programmet «Building skills for jobs» til prosjektet sitt i Malawi. Norad er Direktoratet for utviklingssamarbeid som kvalitetssikrar norsk bistand, medan SIU er Senter for internasjonalisering av utdanning.

Datautstyr og Florø-drakter

Flora VGS har i fleire år drive ein yrkesskule i Nkhotakota i Malawi og har som mål å utdanna 460 nye elevar dei neste fem åra med dei ekstra midlane dei har fått.

No skal dei tre andreklassingane på studiespesialisering ved Flora VGS få vera med å bestemma kva pengane skal gå til.

– Vi har ein finansieringsmodell som fortel oss kvar midlane i teorien bør og kan fordelast, men for eit betre og meir realistisk utgangspunkt dreg vi dit spenninga skjer. I standen for upersonleg bistandsarbeid som berre kanskje fungerer, vil vi oppleve kulturen og menneska, seier Johanne Malene Grønnevik.

Jentene er spent på kva som møter dei og dei har pakka lett.

– Til oss sjølve har vi berre handbagasje, medan vi har med datautstyr, klede og Florø-drakter til dei der nede i bagasjen, seier Rossi.

Ho er spent på korleis det faktisk blir å vera der nede.

– Malawi er jo eit veldig fattig land og vi har jo sett og høyrt om korleis det er der nede. Men eg trur det vil gje sterke inntrykk å koma ned der, seier Rossi.

Øystein Garfors og Hussein Chikakuda

AUKA KVALITET: Øystein Garfors (t.v.) vil auke kvaliteten på utdanninga ved yrkesskulen dei driv i Nkhotakota i Malawi med pengestøtta dei har fått frå Norad. Her saman med lærar på skulen, Hussein Chikakuda.

Foto: Fredskorpset

Loggar av

Medan dei er der nede vil dei oppdatera korleis det går på Facebook, Instagram og Snapchat. Der heiter dei «Prosjekt Malawi».

– Vi skal legge ut oppdateringar så sant vi har nett, seier Rossi.

– Korleis vert det å ikkje få sjekka Snapchat og Instagram heile tida?

– Det vert veldig rart, men utruleg herleg. Her heime er vi jo alltid pålogga og eg trur det blir godt å få logga av litt, seier ho.

Målet med prosjektet er å gje ungdommane i Malawi eit betre liv, men Rossi trur også turen vil forandra ho.

– Det trur eg. Det vil gjera stort inntrykk å sjå korleis ungdommane der nede har det, samanlikna med det vi har, seier ho.