NRK Meny
Normal

Elevprosjekt får millionstøtte frå Norad

Flora VGS har fått 6,5 millionar kroner til sitt utdanningsprosjekt i Malawi og planlegg å utdanna 460 elevar dei neste fem åra.

Øystein Garfors og Hussein Chikakuda

AUKA KVALITET: Øystein Garfors (t.v.) vil auke kvaliteten på utdanninga ved yrkesskulen dei driv i Nkhotakota i Malawi med pengestøtta dei har fått frå Norad. Her saman med lærar på skulen, Hussein Chikakuda.

Foto: Fredskorpset

– Eg vart veldig glad då vi fekk beskjed om at vi fekk støtte til vårt prosjekt. Det var mange søkarar, så forventningane var ikkje dei heilt store, seier Øystein Garfors ved Flora vidaregåande skule, som er prosjektleiar for Malawisamarbeidet.

I fjor haust søkte Flora vidaregåande skule og Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om pengar gjennom Noard og SIU sitt program «Building skills for jobs». Norad er Direktoratet for utviklingssamarbeid som kvalitetssikrar norsk bistand, medan SIU er Senter for internasjonalisering av utdanning.

Norad fekk inn nærare 50 søknadar, og av dei Flora vidaregåande skule var eit av fem prosjekt som fekk pengar.

Skal auka kvaliteten

I fleire år har Flora VGS driv yrkesskule i Nkhotakota i Malawi, saman med NYO. No får dei spissa utdanninga endå meir.

– Vi har drive prosjektet med på lågbudsjett i mange år. Med desse ekstra pengane skal vi auka kvaliteten på utdanninga, starta eit karrieresenter og følge elevane opp i eitt år etter at dei avsluttar utdanninga, seier Garfors.

Kvart år har elevane ved Flora vidaregåande skule hatt ein internasjonal aksjonsdag, der dei har jobba inn i snitt 300 kroner kvar som har gått til prosjektet.

Med støtta frå Norad tar dei sikte på at 460 elevar dei neste fem åra skal utdannast innan fem ulike yrkesfag.

– Målet er at 50 prosent av dei som går utdanninga skal ut i jobb etterpå eller at dei startar opp eigne føretak, seier han.

Satsar på solenergi

I tillegg til yrkesskulen driv dei eit eige solenergiselskap i Nkhotakota, som har 20 tilsette.

– 12 av dei tilsette i firmaet er utdanna på elektrolinja ved yrkesskulen vår der nede, seier Garfors og poengterer at det er viktig for dei å bygga opp eit sterkt fagmiljø i nærområdet.

Garfors er prosjektleiar og det vert koordinert frå Norge, men dei byggjer opp organisasjonen i Malawi og det er to frå Norge som jobbar i Nkhotakota.

Kumudzi Kuwale

SOLENERGI: Nkhotakota Youth Organisation driv solenergifirmaet Kumudzi Kuwale i Nkhotakota i Malawi.

Foto: Trygve Mongstad
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå