Hopp til innhold

Malawis visepresident omkomme i flystyrt

Militærflyet med Malawis visepresident og åtte andre passasjerar om bord, har vorte funne. Alle om bord har omkomme.

Saulos Klaus Chilima

Saulos Klaus Chilima er visepresident i Malawi.

Foto: AMOS GUMULIRA / AFP

Militærflyet med visepresident Saulos Klaus Chilima tok av frå Lilongwe, hovudstaden i Malawi, måndag. Flyet skulle lande på flyplassen i byen Mzuzu 50 minutt seinare. På grunn av dårleg ver blei flyet bedt om å vende tilbake til hovudstaden.

Tysdag føremiddag skal flyet vere funne. Leitinga har vore vanskeleg på grunn av tett skog og skodde, opplys styresmaktene.

Presidenten i landet, Lazarus Chakwera, seier at alle om bord har omkomme, skriv AFP.

– Flyet er funnen og er djupt trist og lei meg for å informera dykk alle om at det har vist seg å vera ein forferdeleg tragedie,

Forsvann frå radaren

Det var på turen tilbake at flyet, eit tomotors propellfly forsvann, skriv avisa Malawi24.

– Undervegs forsvann flyet frå radarane. Det blei gjort fleire forsøk på å oppnå kontakt med flyet, utan å lykkast, opplyste president Lazarus Chakwera i ei fjernsynssend tale seint måndag kveld.

Malawias president, Lazaruas Chakwera

Malawis president Lazarus Chakwera

Foto: AP

Dei andre passasjerane om bord i flyet skal vere Chilima sin kone og fleire politikarar frå visepresidentens parti, United Transformation Movement (UTM). Det skriv BBC.

Totalt skal det ha vore ti personar om bord.

Reisefølgjet skulle delta i gravferda til ein tidlegare statsråd.

Bad Noreg om hjelp

Presidenten sette i gang ein stor leiteaksjon då flyet forsvann.

– Søket etter det sakna flyet frå Malawi Defence Force (MDF), med Malawis visepresident Saulos Chilimi og ni andre passasjerar held fram, seier Chakwera, i ei oppdatering på styresmaktenes Facebookside måndag kveld. Eg har håp om at vi vil finne overlevande.

Den malawiske avisa The Nation skriv at leitemannskapa leitar i området rundt Chikangawa, ein stor nasjonalpark eit stykke utanfor hovudstaden.

Flyet visepresidenten sat i skal ha flydd frå landets hovudstad Linogwe måndag føremiddag.

Presidenten har kontakta naboland og utviklingspartnarar, som inkluderer amerikanske, britiske, norske og israelske styresmakter, for støtte og bruk av spesialisert teknologi i søk- og redningsoppdraget.

Chakwera har også avlyst ein planlagt tur til Bahamas, melder BBC.

Chilima

Saulos Klaus Chilima (51) har vore visepresident sidan 2020. Han var også visepresident i perioden 2014 til 2019.

I 2022 blei Chilima mellombels avsett etter at han blei pågripen og sikta for korrupsjon. Det skjedde i forbindelse med ein bestikkelsesskandale som involverte ein britisk-malawisk forretningsmann, skriv nyhetsbyået AFP.

Så seint som i mai droppa ein malawisk domstol siktinga, etter at Chilima hadde møtt opp til fleire rettsmøte.

SISTE NYTT

Siste nytt