Hopp til innhold

Brochmann reiser frå Sogndal

Tonny Brochmann fekk avgrensa tillit i Sogndal nedrykkssesongen 2014. No er han klar for Sandnes Ulf.

Tonny Brochmann

SKIFTAR KLUBB: Tonny Brochmann var ynskt med vidare av påtroppande Sogndal-trenar, Eirik Bakke, men valde å skifte beite.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Dansken fekk 16 kampar under Jonas Olsson i år, og noterte seg for ei scoring.

Etter tre år og 42 seriekampar i den svarte og kvite drakta, tek Tonny Brochmann same reisa som Henrik Furebotn gjorde etter 2012-sesongen; til Sandnes.

– Han er ein allsidig offensiv spelar med eit høgt toppnivå. Han har vore plaga av skadertidlegare, men no ynskjer han å komme til Sandnes Ulf for å finne seg sjølv og få fart på karriera si att, seier Ulf-trenar Bengt Sæternes til klubben sine nettsider.

Skadd i fjor

Brochmann kom til Sogndal frå danske Horsens 2012 og fekk frå vingplass fem scoringar i debutsesongen.

Heile fjorårssesongen vart spolert grunna ein ryggskade, og i år måtte 25-åringen stort sett finne seg i å sitje på benken.

– Han er ein spelar som kan gjere dette lille ekstra, og han har bra tempo i kroppen. Det likar eg godt, seier Sæternes.

Var i dialog

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, seier til NRK.no at klubben var i dialog med Brochmann om ny kontrakt.

– Vi har jobba med det dei siste dagane, og skulle gjerne hatt han med videre. Men «totalpakken» lokka han til Sandnes. Tonny får med seg dei beste skussmål frå oss, seier Flo.