- Ei så stor utgift får ein truleg ikkje kommunepolitikarane med på, seier ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.
Administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, har tidlegare gjort det klart at heile planen om nærsjukehuset står i fare dersom Bremanger trekkjer seg frå samarbeidet.
Spleiselag
Kommunestyret i Bremanger handsamar nærsjukehussaka i ettermiddag. Nærsjukehuset i Florø er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde og Bremanger og Flora kommunar. I dette spleiselaget må Bremanger betala minst 1,2 millionar kroner i drift kvart år. Kystkommunen har allereie innsparingskrav på fem millionar kroner hengjande over seg. Ordførar Kåre Olav Svarstad tvilar difor på at kommunestyrepolitikarane seier ja.
Herlof Nilssen seier planen om nærsjukehus kan stå i fare. (Foto: K. Alsvik, Helse Vest)
Likevel uvisst
Helseminister Dagfinn Høybråten har tidlegare gjort det klinkande klart at Helse Vest skal lage eit nærsjukehus i Florø. Likevel sa administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, til NRK for tre veker sidan at heile planen om nærsjukehuset står i fare dersom Bremanger trekkjer seg frå samarbeidet, og Nilssen er lite lysten på nye forhandlingar om finansieringa.