Hopp til innhold

Øvde på marerittscenario i verdas lengste vegtunnel

Lærdalstunnelen på E16 vart stengd i tre timar sundag. Storøvinga skal førebu naudetatane på eit marerittscenario.

BERRE EI ØVING: Her driv naudetatane med livreddande arbeid, på liksom. Foto: Aurland brannvern

Livsfarleg røyk og brann frå ein bil, midt inne i Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel. Det er dramatikk som naudetatane håpar dei ikkje får oppleve, men dei må øve på det.

Frå klokka 7 til 10 sundag heldt Statens vegvesen, Lærdal brann og redning, brannvesenet i Aurland og ambulansetenesta storøving. Dei måtte stenge tunnelen for trafikk under tida.

– Vi har øvd på kollisjon og brann i bilar og at folk sat fastklemde, seier Reinhardt Sørensen i Aurland brannvern.

Brannvesenet øvar på tunnelbrann i Lærdalstunnelen, desember 2019.

NESTEN PÅ EKTE: Brannmannskap reddar ut ein person frå ein bil. Ikkje på ekte, men øvinga er viktig for når det slår til på skikkeleg.

Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

Han skildrar øvinga som ein suksess. I den første simulerte ulukka dei kom til var det to bilar som hadde kollidert med kvarandre. Den eine bilen stod i brann. Der var det viktig å få ut folk av bilane så tidleg som mogleg. I den andre ulukka fekk dei prøve seg som røykdykkarar.

Var dette ei realistisk øving?

– Ja, det var ei god øving som var lagt opp av Vegvesenet. Heilt realistisk. Dette er noko vi har opplevd og kjem til å oppleve igjen, seier Sørensen.

Fleire alvorlege brannulukker

I 2014 starta det å brenne i eit vogntog i Lærdalstunnelen. Det utvikla seg til å bli mindre dramatisk, men dei siste åra har det vore svært farlege tunnelbrannar fleire andre stader i Sogn og Fjordane. I 2013 og 2015 brann det i Gudvangatunnelen, og igjen i mars 2019. I 2015 brann ein tankbil lasta med bensin i Skatestraumen, i det som blir kalla Noregs største tunnelbrann.

Ingen har mist livet i desse brannane, men det er flaks, uttalte naudetatane i Sogn og Fjordane i 2017.

Tryggleik for alle

Sørensen seier slike øvingar også er viktige fordi redningsmannskap kan kjenne seg tryggare når ei slik hending skjer på ekte.

– Den tryggleiken du får som utrykkingspersonell er viktig, at du er sikker på rolla di, seier han.

For ordens skuld:

– Brukte de ekte brann og røyk?

– Nei. Vi brukte store røykkanonar. Så det var masse røyk i tunnelen, men han var ufarleg, avsluttar Reinhardt Sørensen.

Øving på dukke i Lærdalstunnelen.

DUKKE: Ei dukke spelar ein person som blir forsøkt gjenoppliva av redningsmannskap.

Foto: Siljje Drevdal, Statens vegvesen