Hopp til innhold

«Om noko skjer har du ikkje tid til å leite»

Mange huseigarar stuer vekk brannsløkkingsapparata i boder og skåp. Enkelte har ikkje eingong pakka dei ut av eska.

Brannsløkkingsapparat vekkgøymd i skap

VEKKGØYMD: Brannsløkkingsapparat bør stå framme, og ikkje vekkgøymd i skap og boder, er den enkle oppmodinga frå feiarar, forsikringsselskap og Norsk Brannvernforening.

Foto: NRK

Dette er inntrykket hos både feiarar, forsikringsselskapet IF og Norsk Brannvernsforeining.

Brannar utviklar seg svært raskt, og skal ein då bruke tid på å leite etter sløkkeapparatet kan det få dramatiske følgjer.

Dagfinn Kalheim

FRAMLEIS I ESKA: Dagfinn Kalheim i Norsk Brannvernsforeining seier enkelte ikkje eingong pakkar brannsløkkingsapparata frå eska dei kjem i.

Foto: Brannvernforeningen

Jon Berge

I SKAPET: Jon Berge i IF seier dei registrerer at mange gøymer vekk brannsløkkingsapparata.

Foto: If skadeforsikring
– Frå det oppstår ein liten brann i heimen til full overtenning, går det mellom tre og sju minutt. Då skal ein vite kva ein gjer, og det er for seint å byrje leite etter apparatet.

Det seier Dagfinn Kalheim som er administrerande direktør i Norsk Brannvernforeining.

– Har leita i ti minutt

I Førde går feiar Reinhold Hoffmann tilsyn i heimane til folk kvar vinter. På tilsynet NRK er med på, finn han brannsløkkingsapparata der han vil ha dei. Lett synlege og enkelt tilgjengelege i gangane oppe og nede.

Men det er slett ikkje alltid slik.

– Det skjer at eg er på tilsyn der vi må leite etter apparat i både fem og ti minutt. Hadde det skjedd i ein reell situasjon hadde ein vore for seint ute, seier Hoffmann.

Sidan 1990 har det vore påbod om brannsløkkingsapparat i norske heimar. Men mange apparat får ikkje stå framme, i staden får dei plass i boder, skap eller inst på vaskerommet.

– Ein vil gjerne ha framme dei fine designartiklane, og brannsløkkingsapparatet bakarst i skapet, så dette er ei utfordring, seier informasjonsdirektør Jon Berge i IF Skadeforsikring.

Brannsløkkingsapparat skal stå godt synleg og lett tilgjengeleg

LETT TILGJENGELEG: Ha brannsløkkingsapparatet godt synleg og lett tilgjengeleg, er den enkle oppmodinga.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

– Ligg framleis i eska

Også i Norsk Brannvernsforeining registrerer administrerande direktør Dagfinn Kalheim at folk gøymer vekk sløkkeutstyret.

– Ofte ser vi at huseigarane knapt veit at dei har apparat, og kanskje finn dei det til slutt i boda.

– Faktisk har vi sett mange tilfelle der apparatet framleis ligg i eska som det vart levert i, for mange år sidan, der slangen ikkje er montert på. Det er for dårleg, seier han oppgitt.

Med årets verste brannmånad, desember, rett rundt hjørnet, er oppmodinga hans klar.

– For det første skal apparatet ha ein fast plass, som alle i bustaden veit kvar er. Det er også viktig at ein veit korleis det skal brukast, seier Kalheim.

– Vi er spesielt sårbare om natta

Reinhold Hoffmann

MÅ LEITE: Feiar Reinhold Hoffmann i Førde kommune seier han fleire gonger har måtte hjelpe huseigar med å leite etter brannsløkkingsapparatet.

Foto: Anna Gytri / NRK

På tilsynet i Førde får huseigaren gode råd av feiar Reinhold Hoffmann.

– Mange vel å ha apparatet nær inngangspartiet.

Ein del vel også å ha eit ekstra apparat på soverommet til dei vaksne i huset. Vi er spesielt sårbare om det skulle skje noko om natta, og då må ein ha apparatet fort fram.