Hopp til innhold

Har du huska å sjekke denne?

Romjula er årets mest brannfarlege periode. 1. desember er Røykvarslarens dag, med tid for bytte av batteri og testing. – Sjekk røykvarslaren i dag, oppmodar brannvesenet.

Røykvarsler

1. desember er Røykvarslarens dag, med tid for bytte av batteri og testing.

Foto: NRK

– Røykvarslaren er det viktigaste kriteriet for å unngå personskadar ved brann. Då er det ekstra viktig at alle har ein velfungerande røykvarslar, seier Endre Dalen i brannvesenet i Molde.

Røykvarsler

1. desember er Røykvarslarens dag. Bytt batteri i dag oppmodar brannvesenet.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Talet på dødsbrannar i jula er meir enn halvert. Likevel viser tal frå direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) at romjula er årets klart mest brannfarlege periode.

Brannvesenet har dei siste åra jobba med informasjonskampanjen Røykvarslarens dag, som er ein del av Aksjon bustadbrann, for å auke bevisstgjeringa rundt branntryggleik.

– Vi meiner det er viktig å sette fokus på branntryggleiken i privatbustader, seier Dalen.

Statistikk frå Aksjon bustadbrann viser at nesten tre millionar menneske bur i bustader som manglar samankobla røykvarslarar. Kvar kveld går ein halv million nordmenn til sengs utan fungerande røykvarslarar.

Risikoutsette grupper

Eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusmisbrukarar er spesielt utsett. I 2013 omkom 61 personar i brann, og 46 personar av dei var i risikoutsette grupper.

Anne Rygh Pedersen, DSB

Anne Rygh Pedersen i DSB seier det er viktig å ta ansvar for risikoutsette grupper.

Foto: Anita Andersen / DSB

– Risikoutsette grupper kan vere vanskelege å nå med vanleg informasjon. Derfor er vi avhengig av at pårørande tek eit ekstra ansvar, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB.

– Sjekk om dine næraste har røykvarslarar som fungerer og om dei har behov for ei komfyrvakt, held ho fram.

Inga unnskyldning

I dag markerer brannkorps over heile landet starten på informasjonskampanjen. Dalen meiner det er viktig å nå ut til flest mogleg.

– Representantar frå brannkorps vil i dag ha stand på senter og liknande over heile landet. Der kan folk møte oss og stille spørsmål om branntryggleik, fortel Dalen.

– I tillegg kan dei få gratis batteri til røykvarslaren, held han fram.

Det er difor ingen unnskyldning for å ikkje skifte batteriet på røykvarslaren i dag, meiner brannmannen.

– Dersom du skiftar batteri i dag er du sikker på at du har eit batteri som fungerer når det trengst, då unngår du falsk tryggleik, forklarer Dalen.

– Er vi litt slappe på dette området?

– Folk flest er stort sett flinke, men det er fort gjort å tenke at ein skal gjere det seinare og så gløymer ein det, seier han.

Tiltaka hjelper

Etter elleve år med Aksjon bustadbrann er talet på omkomne i bustadbrannar i perioden 23. desember til 31. desember meir enn halvert. I perioden 1992–2002 omkom 45 personar, medan talet har minka til 18 dei elleve siste årene, viser statistikken frå DSB.

Dalen meiner det viser at det haldningsskapande arbeidet rundt branntryggleik fungerer.

– Nedgangen viser kor viktig det er med førebygging. Folk veit om kampanjen og vi ser at det hjelper, seier han.

Og Dalen har eit par gode råd dersom nokon skulle vere usikre.

– Sjekk om røykvarslaren fungere som den skal. Bytt batteri minst ein gong i året slik at du er bombesikker på at du har ein røykvarslar som fungerer og som kan redde deg, seier han.