Hopp til innhold

Brann til historisk kvartfinale i Meisterligaen

Brann sikra seg det skjebnesvangre poenget og er med det vidare til kvartfinalen i Meisterligaen. Det er første gong for eit norsk lag sidan regelen om at alle lag må spele gruppespel.

– Det er fantastisk, det er ein ellevill prestasjon, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

– Vi vinn, og det er det som tell, seier keeper Aurora Mikaelsen rett etter kampen.

Det var eit offensivt lag som møtte Slavia Praha i den tsjekkiske hovudstaden i kveld. Forholda ved kampstart var så som så, med tre grader i lufta og eit vêr som kunne minne litt om ein haustkveld i Bergen.

Brann måtte spele uavgjort for å gå vidare – noko dei klarte, men måtte jobbe for. Til slutt blei sigeren eit faktum og kampen enda med 1–0 til Brann.

– Eg synest at spelarane verker å vere prega av stundas alvor, sa NRKs kommentator på staden, Oddgeir Øystese.

Sigeren gjer laget historisk. No er dei eitt av åtte som har kvalifisert seg til kvartfinale i Meisterligaen.

Tidlegare har også LSK Kvinner og Røa vore i kvartfinalen, men dette er første gong at eit norsk lag har kvalifisert seg, etter at regelen om at alle lag må spele gruppespel, blei innført i 2021.

Brann Mesterliga

Ingrid Stenevik i sving.

Foto: AP

– Veldig heldige

Veteran Cecilie Redisch Kvamme og Marit Bratberg Lund starta som venta på vingbackane. På midtbanen starta Justine Kielland og Karoline Haugland, medan supertalent Signe Gaupset starta på høgrevingen.

Brann pressa på knallsterkt frå start av og fekk ein kjempesjanse berre etter eit par minutt, der Gaupset la opp ei fin pasning til Engesvik, utan mål.

I starten hadde tsjekkarane nok med å forsvare seg mot eit offensivt bergenslag, men det dabba av. Mot slutten av førsteomgang var det berre flaks som gjorde at heimelaget ikkje låg i tet, då ballen hamna i Branns nett etter ein corner, men dommaren bles til frispark.

– Her er Brann veldig, veldig heldige. Dette ser rett og slett ut som ei kjempetabbe av den italienske dommaren, sa NRKs kommentator Andreas Stabrun Smith.

– Eg kan absolutt ikkje forstå at den blei annullert, sa landslagsspelar Mimmi Löfwenius i studio.

– Her er Brann heldige altså. Frykteleg heldige, sa NRKs fotballekspert, Aleksander Schau i studio.

– Det på slutten der var utvilsamt eit mål. Ballen trefte meg i ansiktet, sa Prahas Haleigh Stackpole i eit pauseintervju med Uefa.

Andreomgang starta med sjølvmål av Olivie Lukásová, der Gaupset får ein indirekte målgivande. Fotballekspert Carl-Erik Torp kallar det for ein kamp som lugger, til trass for at Brann opnar svært bra.

– Ein svak kamp av Brann i forhold til det nivået dei har hatt i Europa hittil. Det er grunnar til det, det er uvant å spele kampar i januar, og vi såg at begge laga sleit med banen.

Signe Gaupset

Signe Gaupset var avgjerande for at Brann tok sigeren mot Slavia Praha.

Foto: Reuters

Torp peikar på at Gaupset var veldig involvert i starten, men at ho verker vere litt ute av kamptrening. Likevel er ho toneangivande for

– Ikkje hennar beste kamp, men når det kjem til stykket er det ho som «fikser biffen» og er direkte involvert i scoringa.

Ellevill stemning

Om lag 150 supporterar hadde tatt turen frå Bergen til Praha for å få med seg kampen. Nystemten kunne høyrest godt frå tribunane ved kampstart.

– Vi høyrer våre fans betre enn dei, sa keeper Aurora Mikaelsen til reporter Oddgeir Øystese rett etter kampen.

– Som bergensar er eg nesten flau av å snakke over Nystemten her, men kva betyr det for deg og de som lagkameratar å gå til kvartfinalen?, spurte Øystese.

– Ehm, eg klarar ikkje. Det blir for mykje for meg, sa ei tydeleg prega Mikaelsen.

Matchavgjerande Signe Gaupset seier kampen var tøff og at det var utfordrande forhold.

– Det er veldig deilig at vi vinn.

– Var de nervøse?

– Eg føler ikkje det, vi var fokusert på det vi skulle gjere. Eg synest vi gjer ein grei prestasjon som kunne ha vore betre i periodar.

No håpar Gaupset at dei møter Chelsea i kvartfinalen.

Dei fire laga som er klare og sikra for kvartfinalen er Chelsea, Lyon, Barcelona og Brann.

Frå underdog til favoritt

Brann har gått frå å vere utfordrar og underdog til å bli ein favoritt.

Det har vore nervar blant nokre av spelarane før kampen. Justine Kielland sa i går at det var vanskeleg å nærme seg kampen som ein vanleg kamp.

– No har vi ei heilt unik moglegheit, og vi må verkeleg ta vare på ho.

I går sa trenar Martin Peter Ho at dei ikkje tenkte noko annleis på denne kampen enn på andre kampar.

– Vi skal vere oss sjølve, vere aggressive, vi skal forhåpentlegvis vere gode med ballen.

Og gode med ballen var dei.

Førre oppgjer mellom Brann og Slavia Praha enda med 1–0 på heimebane til Brann.

Les også Historisk Meisterliga-kamp i Bergen – Brann vann 1–0 mot Slavia Praha