Hopp til innhold

Høg temperatur på kald bane då Brann slo Haugesund 3-1

Helgas vestlandsderby blei i realiteten avgjort dei første elleve minutta av kampen. For første gong på fleire år går Brann vidare til kvartfinalen i Noregsmeisterskapen.

Sigeren søndag betyr at Brann skal møte opp i kvartfinalen søndag 19. mars.

Dei første måla mot Haugesund kom allereie etter at 11 minutt var spelt. Først skåra Bård Finne, deretter Mathias Rasmussen til stor jubel frå Brann-supportarane.

Resten av førsteomgang var derimot målfattig, men langt frå temperaturlaus, sjølv om det nærma seg frysepunktet vermessig.

Harde samanstøyt og røffe taklingar førte til ei rekke frispark og to gule kort til Haugesund.

NM fotball menn, Brann - Haugesund

Haugesund hadde full tenning og fekk fleire gule kort då dei møtte Brann på Åsane arena søndag.

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

Utfordra i andreomgangen

I andre omgang fekk begge lag utdelt gule kort, og etter kvart fekk Haugesund sitt einaste mål i kampen ved Magnus Christensen.

Men to minutt etter svara Brann med å sette inn sitt tredje og siste mål ved Bård Finne.

Snøver og få billettar

Årets første tellande kamp skjedde på brøyta kunstgras på Åsane arena i Bergen.

Snøveret den siste veka hindra stadionplanane og avgrensa billettsalet, noko som førte til at mange ikkje fekk sjå kampen med eigne auge.

Etter tett snøver laurdag, var det søndag overskya og stort sett opplett då fjerde runde i fjorårets Noregsmeistarskap gjekk av stabelen, utsett til i år grunna koronapandemien.

Kampens oppstart vart eit par minutt forseinka då snøballar blei kasta inn på Branns side og måtte bli børsta av. Andreomgangen vart også forseinka då snøballar på ny vart kasta inn i den same 16-meteren og måtte bli fjerna.

NM fotball menn, Brann - Haugesund

Tilskodarane med klar beskjed om tidspunktet for den utsette cuprunden.

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

Har slite med Haugesund

Det blir altså spelt to cupar i år, og 2023-cupen startar like etter finalen til 2022-cupen i mai.

Søndagens kamp var første gong på over halvanna år at Brann møtte Haugesund. Dei skal også møtast ved seriestart i april.

Bergenslaget har slite med å slå Haugesund på heimebane dei siste åra,og dei har også slite med å ta seg forbi cupens 4. runde.

Likevel var det ein optimistisk tone før kampen. Sjølv om bergenslaget rykka ned til 1.-divisjon i Eliteserien i 2022, har dei jamt og trutt jobba forma opp att.

Dei har hatt sesongoppkøyring med treningsleir i tre veker i Marbella i Spania. Vidare har dei vunne alle treningskampane mot både norske og svenske lag dei siste vekene.

Nyleg slo dei Vålerenga 3-1. For over åtte månadar sidan Brann slo ut Voss, Os og Fredrikstad av cupen.

NM fotball menn, Brann - Haugesund

Brann møtte eit svoltent Haugesund på Åsane arena.

NM fotball menn, Brann - Haugesund

Brann kunne juble over målskåring allereie etter ti minutt.

Bård Finne skåra kampens første mål etter 10 minutt

Bård Finne skåra det første målet, med bistand frå Mathias Rasmussen, som skåra mål like etter.

Det gjekk hardt føre seg

Det gjekk tidvis hardt føre seg og Haugesund fekk fleire gule kort i løpet av kampen.

Debuterte mot ekslaget

Thore Pedersen, Brann

Thore Pedersen signerte for Brann i slutten av januar.

På nyåret har Brann også fått tilført nye krefter med Thore Pedersen, Japhet Sery Larsen og Ulrik Mathisen.

Sistnemnde var ikkje med i dagens kamp grunna skadar, mens Pedersen hadde sin offisielle debut i Brann. Og det mot laget han har spelt for heile sin karriere inntil han kom til Bergen i januar.

– Det er jo sjølvsagt litt spesielt at det er Haugesund vi møter. Men det gir meg berre enno meir lyst til å vinne. Fyringa mellom meg og tidlegare lagkameratar er allereie i gong, uttala Pedersen på førehand i ei pressemelding.

Også hovudtrenar Eirik Horneland, assistenttrenar Erik Huseklepp og spelar Fredrik Pallesen Knudsen har ein fortid i Haugesund.

Mens Brann ikkje har vunne cupen sidan 2004, og sist stod i cupfinalen i 2011, har Haugesund aldri vunne Noregsmeisterskapen. Men dei kom til cupfinalen i 2007 med Horneland i troppen, der dei tapte 2-0 mot Lillestrøm.

Sjå heile kampen her: