Hopp til innhold

Brann i bustadhus

Tidlegare tysdag vart det meldt om ein brann i eit bustadhus på Øvre Flo i Oppstryn. Brannen er no sløkt.

Litt over 18-tida tysdag at operasjonssentralen Vest om brannen i Øvre Flo. Brannvesenet gjekk inn med røykdykkarar og fekk delvis kontroll over brannen tidleg, men det tok tid før den vart sløkt heilt.

Brannen skal først og fremst ha gått føre seg i takkonstruksjonane, og delar av taket måtte rivast som følgje av skadane.

Ifølgje Nina Andal i Alarmsentralen i Sogn og Fjordane var det huseigaren sjølv som oppdaga brannen. Ingen personar skal ha komme til skade.