Hopp til innhold

Matheus (22) frå Brasil kan bli utvist for å ha spelt fotball i 3. divisjon

Matheus Lima spelar i 3. divisjon, og fekk folkehøgskule betalt av trenaren. No står han midt i ein uvanleg konflikt i breiddefotballen.

Matheus Lima

Matheus Lima er frå Brasil, og spelar på Bremnes. No undersøkjer politiet om han har fått anna godtgjersle for å spela enn det som er lovleg.

Foto: Olav Røli / NRK

3. divisjonsklubben Bremnes IL har skapt nasjonale overskrifter dei siste dagane.

Tidlegare i mai fekk Geirmund Brendesæter og Magnar Aaland beskjed om at dei var sparka som hovudtrenarar for A-laget til Bremnes.

Vestlandsklubben spelar fotball i 3. divisjon, etter at trenarduoen har styrt dei opp frå 5. divisjon på få år.

Og nettopp høge ambisjonar var oppgjeve som årsak til at dei fekk sparken.

Seinare kom det fram at politiet var kopla inn. Mellom anna hadde to spelarar frå Brasil fått førehandsvarsel om utvising frå Noreg.

På studentvisum

I tillegg undersøkjer UDI om Matheus Lima, som har vore i klubben sidan februar 2020, har brote vilkåra for studentvisum.

Lokalavisa Sunnhordland skriv at UDI vurderer om han har brote reglar ved å spela fotball i norsk 3. divisjon.

Matheus Lima seier situasjonen gjer han trist, då NRK trefte han på cupkamp onsdag kveld.

– Eg håpar at det ordnar seg og at eg snart kan verta glad igjen, seier 22-åringen til NRK.

Bakgrunnen for det heile: Ein av trenarane har nemleg betalt for folkehøgskulen han går på.

Matheus Lima i spel for Bremnes. Ein sentral og viktig spelar.

Matheus Lima er ein av Bremnes sine viktigaste spelarar. Men framleis er det uvisst om han får lov å vera i Noreg etter at folkehøgskuleåret er ferdig.

Foto: Olav Røli / NRK

Fiskemottak og fotball

Lima har vore i øykommunen Bømlo sidan 2020, først for å jobba på eit fiskemottak, deretter vart han student. I 2021 spelte han 13 kampar for Bremnes. Denne sesongen har han spelt alle kampane.

– Eg elskar å spela her, seier han.

Dette året studerer han på Bømlo folkehøgskule. Opphaldet er det trenar Magnar Aaland som har betalt, har Bergens Tidende skrive.

– Amatørspelarar i lågare divisjonar enn 2. divisjon kan ikkje ta i mot andre ytingar enn kostnadar knytt til å spela fotball, opplyser Noregs Fotballforbund til NRK.

Magnar Aaland ynskjer ikkje å kommentera betaling for Lima sitt skuleopphald, men understrekar at han ville ha gjort det igjen.

Magnar Aaland (bart) og Geirmund Brendesæter.

Magnar Aaland (nærmast) og Geirmund Brendesæter skulle eigentleg få sparken som trenarar. Men no har idrettslaget snudd

Foto: Olav Røli / NRK

Trekt fram som svært spesiell sak

Saka om spelarane og dei to trenarane i den vesle breiddeklubben har fått oppslag i fleire medium den siste veka.

Generalsekretær i Norsk Fotballtrenerforening, Teddy Moen, meiner Bremnes-saka er noko av det mest spesielle han har vore med på i sine 20 år i foreininga.

– Ein trenar har eit stillingsvern, og ein kan ikkje utan vidare kopla saman ei sak om utvising av spelarar opp mot trenarane. Og det er uansett styre og administrasjon som har ansvaret om noko skulle vera kritikkverdig, understrekar Moen.

Fungerande styreleiar Vivian Kvarven stadfester at dei ikkje går vidare med oppseiinga av Brendesæter og Aaland. Dei vart oppsagt munnleg den 3. april.

– Magnar Aaland og Geirmund Brendesæter er framleis trenarar. Så er det opp til det nye styret om dei vil gå vidare med denne saka. Etter det me kjenner til er dei berre oppsagt munnleg av det gamle styret, seier Kvarven.

Teddy Moen

Teddy Moen i trenarforeininga meiner det skjer for ofte at idrettslag vil byta ut trenarar, utan å tenkja på stillingsvernet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Droppar oppseiing

Difor var det Magnar Aaland og Geirmund Brendesæter som leia laget då dei møtte Øygarden til cupkamp på Bremnes stadion onsdag kveld.

Og sjølv om resultatet vart tap 5–2 for heimelaget var spelarane nøgd med at trenarane var på plass igjen.

– Å ha dei på trenarbenken gjev ein ekstra boost til oss. No håpar eg me kan få ro, og at trenarane kan få vera med vidare, seier Erling Meling Nesse.

Erling Meling Nesse, Bremnes

Erling Meling Nesse ynskjer no at det vert ro i klubben. Han skåra to mål i kampen mot Øygarden onsdag.

Foto: Olav Røli / NRK

Verst for spelarane

Geirmund Brendesæter var nøgd med å leia laget frå sidelinja. Men ynskjer ikkje å kommentera oppseiinga.

– Eg har lagt det bak meg. No må klubben få ro, og me må fokusera på resten av sesongen, seier han,

– Korleis pregar utvisingsvedtaka klubben sportsleg?

– Det er ikkje klubben det er mest synd på, men individa det er snakk om. Det vil vera veldig synd for heile laget om både spelaren og personen Matheus ikkje kan vera med oss vidare, svarar Brendesæter.

Klar for kamp, Geirmund Brendesæter

Geirmund Brendesæter gjer seg klar for cupkamp mot Øygarden. Kampen er den tredje kampen han leiar, etter at han eigentleg fekk sparken.

Foto: Olav Røli / NRK