Hopp til innhold

Dramatisk i 3. divisjon: Trenarar dukka opp mot klubben sin vilje – politiet kopla inn

Først sparka idrettslaget trenarane for A-laget. No har politiet starta etterforsking knytt til rekruttering av tre utanlandske spelarar.

Bremnes IL sitt A-lag før heimekamp mot Brann 2 10. mai 2022

KRISERÅKA: A-laget til Bremnes IL tapte mot Brann 2 tysdag kveld. Før kampen henta politiet to av spelarane inn til avhøyr og tok frå dei passa.

Foto: Eirik Strømme Spjeld / Avisa Sunnhordland

Det byrja sist veke som ein ganske spesiell sak frå grasrota i norsk fotball:

Dei to fotballtrenarane for A-laget til Bremnes IL på Bømlo fekk sparken tilsynelatande for å ha andre ambisjonar enn den lokale breiddeklubben.

Dei to – Geirmund Brendesæter og Magnar Aaland – har dei siste åra ført A-laget frå 5. til 3. divisjon.

Brendesæter er ein legende i Sportsklubben Brann, og har hatt kampar på landslaget under Drillo.

Tysdag kveld spelte Bremnes mot Brann 2. Samtidig kulminerte konflikten då hovudstyret i idrettslaget gjekk ut offentleg og fortalde at politiet var kopla inn.

To spelarar skal ha blitt henta av politiet før kamp – og fleire har blitt fråteke passet sitt.

Forklarte seg på Facebook

Styret la ut ei lengre melding på Facebook der dei forklarte saka og kvifor politiet plutseleg var kopla inn.

Klubben har hatt «et lengre møte med politiet vedrørende interne forhold rundt fotballaget og da særlig knyttet til rekruttering av utenlandske spillere. Dette har foreløpig resultert i at politiet i dag har fratatt passene til tre utenlandske spillere og samtidig gitt beskjed om at disse ikke var spilleberettiget til dagens kamp mot Brann 2.»

Brendesæter stadfestar til Haugesunds Avis at to spelarar vart henta av politiet før kampen.

Geirmund Brendesæter (t.h.) og Magnar Aaland

I HARDT VÊR: Det stormar rundt dei to sparka trenarane for A-laget til Bremnes IL: Geirmund Brendesæter (t.h.) og Magnar Aaland. Her frå kveldens kamp mot Brann 2.

Foto: Eirik Strømme Spjeld / Avisa Sunnhordland

Trenarane: – Usakleg oppseiing

Før dagens pressemelding har det vore meir uklart kva som var bakgrunnen for krisa i klubben.

Men krangelen mellom trenarduoen og klubben hadde vore tema i lokalsamfunnet over ei tid.

Klubben, Brendesæter og Aaland hadde hamna i open konflikt. Tilsynelatande var dei to trenarane for ambisiøse for klubben og fekk sparken.

Sist veke skreiv hovudstyret i ei pressemelding at «årsaka til beslutningen er at A-lagstrenerne sine sportslige ambisjoner ikke er i tråd med hovedstyret sine prioriteringer for idrettsklubben som helhet. I tillegg til at det økonomiske fundamentet ikke er til stede slik hovedstyret ser det i forhold til ønsket satsing fra dagens A-lagstrenere».

Dei to trenarane meinte seg usakleg oppsagde. Dei fekk støtte frå trenarforbundet, og stilte måndag på trening mot hovudstyret sitt ønske.

Avisa Sunnhordland har omtalt saka i fleire artiklar.

Den betente konflikten skal opp på Bremnes IL sitt årsmøte onsdag denne veka.

Rykte og angrep

Tysdag kveld toppa det seg altså i kampen mot Brann 2.

Bremnes tapte 0-2. Dei sparka trenarane stilte på kampen, og styrte laget frå sidelinja – mot styret si vilje.

Klubben skriv at etter avgjerda om oppseiingar 3. mai, «har det versert rykter og fremstilt beskyldninger mot hovedstyret i idrettslaget som det har vært vanskelig å forsvare seg mot.»

Geirmund Brendesæter i Brann-trøye

LEGENDE: Geirmund Brendesæter er ein klubbhelt for Sportsklubben Brann frå rundt 2000. Her i kamp mot Kjetil Løvik og Lyn i 2002.

Foto: Helge Hansen / NTB

Hovudstyret skriv at dei av respekt for dei involverte partane har vore tilbakehaldne med å uttala seg offentleg, men at dei no ser seg nøydde til å dela meir opplysningar om saka.

– Må stå opp for våre verdiar

I forkant av onsdagens årsmøte skriv hovudstyret at dei «kan ikke sitte stille i båten, men må stå opp for våre verdier som idrettslag.»

Før dei fortel om politiets etterforsking av klubbens rekruttering av utanlandske spelarar.

Styret hevdar det ikkje har mynde til å dela ytterlegare informasjon.

Men basert på det dei veit sjølve og har fått frå politiet ser styret på «forholdene som svært alvorlige».

NRK har tysdag kveld kontakta politiet i Sunnhordland, som ikkje kunne kommentere saka.

Har du tips i saka? Kontakt oss i NRK!