Hopp til innhold

- Vestlandsbonden blir taparen

Bøndene vil ha meir pengar som tilskot, og ikkje i form av høgare matpris.

Traktor

Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag er redde for at betre prisar på mat vil vere negativt for jordbruket i fylket og ber regjeringa om å halde fram med tilskot.

Dyrare mat

80 prosent av inntektsveksten i staten sitt tilbod i landbruksforhandlingane kjem gjennom dyrare mat.

Leiar Ingolf Folven i Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag og leiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane bondelag seier at høg pris kan vere positivt for store gardar på Austlandet, men hevdar det kan bety kroken på døra for vestlandsbonden.

Avviser kritikken

Sjølv om dei to bondehøvdingane er uroa for prisfokuset i tilbodet frå senterpartistatsråd Terje Riis Johansen, hevdar leiaren i Sogn og Fjordane Senterparti, Knut M Olsen, at partiet tenkjer på vestlandsbonden og lovar både høgare pris og meir i tilskot.

Forhandlingane om landbruksoppgjeret mellom staten og bondeorganisasjonane skal vere ferdige 16. mai.