Hopp til innhold

Føler seg svikta av bondelaget

- Bondelaget har svikta samdriftsbøndene, meiner Sigurd Reksnes frå Eid.

Han er sjølv med i ei samdrift og dei har rekna ut at dei taper 750 000 i året i tilskot etter at dei slo seg saman. Han meiner Bondelaget no også må kjempe for lønsemda til samdriftene.

- Det hadde vore ønskeleg at dei hadde stått på meir for samdriftene.

- Burde fått større del

Reksnes seier han var klar over at det kom til å bli mindre tilskot når han gjekk inn ei samdrift. Men meiner at slik ordninga no er, tapar dei uforholdmessig mykje tilskot på å ha slått seg saman.

Og Knut Tore Nes Hjelle som også er samdriftsbonde på Eid, seier dette er ei sak dei vil ta opp på årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag som no pågår.

- Samdriftene må få ein større del av den rasjonaliseringsgevinsten som blir når ein slår saman fleire bruk.

- Ikkje aktuelt med særordningar

Leiar i Norges Bondelag sentralt, Pål Haugstad, seier han forstår frustrasjonen til samdriftsbøndene. Han seier det likevel ikkje vil vere aktuelt for bondelaget å kjempe for særordningar for samdriftsbøndene i samband med landbruksoppgjeret.

- Bondelaget vil stå på for mjølkebonden, men at samdriftsbonden skal ha spesielle vilkår trur eg ikkje vil ikkje vere det som er enklast å få til. Men det å få betra økonomien generelt vil også komme samdriftsbonden til gode.