Hopp til innhold

Bønder og dyrlegar redde for å smitte kvarandre under lamminga

ULLENSVANG (NRK): Den travle lammingssesongen står for tur over heile landet. – Treng vi dyrlege og dei ikkje kan kome, må vi kanskje avlive, seier bonde.

Dyrlege Ingrid Dale, og bonde Bjørn Amund Aarhus

UTFORDRING: Bonde Bjørn Amund Aarhus ventar over 100 lam om ein liten månad. Veterinær Ingrid Dale er på vaksinasjonsrunde i Sørfjorden i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Til vanleg er det smitteverntiltak i forhold til dyra som er i fokus hos veterinærane når dei vitjar bondegardar over heile Noreg.

Men no, under koronakrisa, må dei også ta andre omsyn. Ei hektisk tid for norske sauebønder er rett rundt hjørnet.

Bønder som blir sjuke kan få problem med å ta seg av fødande sauer og nyfødde lam. Om mange veterinærar blir sjuke, kan det bli vanskeleg å få hjelp når det trengst som mest.

– Treng vi dyrlege, og dei ikkje kan kome så har vi eit problem. Då må vi kanskje avlive, seier bonde Bjørn Amund Aarhus i Ullensvang.

Fleire tusen treng fødselshjelp

På Frøynes har han fått besøk av veterinær Ingrid Dale, som er på rutinemessig vaksinasjonsrunde i Sørfjorden i Hardanger.

Aarhus ventar over 100 lam om ein liten månad. Han er ein av fleire bønder som no håpar at dyrlegane ikkje blir sjuke eller hamnar i karantene.

Tal frå Animalia viser nemleg at det er ca 30.000 veterinærbesøk i norske sauebesetningar knytt til lammesesongen.

Rundt 5000 av desse er fødselshjelp.

– Konsekvensane kan bli alvorlege om mange nok i eit praksisområde blir sjuke, seier Trond Braseth, som er leiar for Produksjonsdyrveterinærers foreining.

Dyrlege Ingrid Dale og bonde Bjørn Amund Aarhus.

TENK PÅ DYRLEGEN: Veterinær Ingrid Dale seier det er viktig at bøndene har ekstra god hygiene når veterinærane no kjem.

Foto: Tale Hauso / NRK

God hygiene

I indre Hardanger er dei tre veterinærar som reiser rundt og omgår mange ulike personar.

Veterinær Dale seier det er viktig at bøndene legg til rette for at det er god hygiene når veterinærane kjem.

– Ein ting er at me kan verta sjuke. Men me risikerer òg å dra med oss smitte frå gard til gard og smitte fleire bønder, seier Dale.

– Så vi må kunne vaske oss, ta på ein rein kjeledress og sette frå oss utstyret på ei rein overflate når vi er inne.

I tillegg er det viktig at bonden får hjelp av ein nabo eller ein avløysar om han ikkje kjenner seg i form, meiner veterinæren i Hardanger.

Hektisk tid med lamming

Veterinærforeininga har fått mange spørsmål frå veterinærar om arbeidskvardagen i desse koronatider, spesielt frå dei omreisande.

Leiar Trond Braseth forklarer at veterinærane er innstilte på å hjelpe kvarandre, og at dei kan nytte seg av naudhjelpsplikta.

Trond Braseth

KLAR MELDING: – Bøndene må tenke på å beskytte seg sjølv, og beskytte veterinæren, seier Trond Braseth, leiar for Produksjonsdyrveterinærers foreining.

Foto: Den norske veterinærforening

– Er alle veterinærar i eit område i karantene, og dei ikkje har symptom på luftvegslidingar, så kan dei hjelpe til. Men det er berre i naudtilfelle der det er behov for akutt hjelp.

Braseth har likevel ei klar melding til bøndene.

– Dei må tenke på å beskytte seg sjølv og på å beskytte veterinæren. Det kan vere andre som også treng hjelp, seier Braseth.