Hopp til innhold

Bondelaget rasar mot mangel på jordvern – meiner Førde er skrekkens eksempel

Stadig meir landbruksjord blir brukt til næringsutbygging og vegar. No slår Bondelaget i Sogn og Fjordane alarm.

Anders Felde

SLÅR ALARM: Bondelagsleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane vil ha betre utnytting av areal. Spesielt når dyrka matjord blir brukt til næringsutbygging og vegar.

Foto: Bård Siem / NRK

Fylkesleiaren i Bondelaget, Anders Felde, seier dei ikkje lenger kan sitje stille å sjå på at matjord går med til nærings- og vegføremål utan at areala blir utnytta til det fulle.

– Skal ein først stele av matjorda er det frykteleg viktig at arealutnyttinga er annleis enn det vi ser i dag med store einetasjes forretningsbygg og store parkeringsplassar. Dette er ei gamaldags forvaltning og utnytting, seier Felde som vil ha meir høghus og parkeringskjellarar.

– Ein svart flekk

Kvart år blir om lag 300 dekar landbruksjord i fylket og 6000 dekar på landsplan gjort om til næringsareal, bustadfelt, vegar og andre føremål.

På Brulandsvellene i Førde er store landbruksområde dei siste åra gjort om til tomter for handelshus, parkeringsplassar og veg. Prioriteringa er heilt bak mål, seier Anders Felde.

– Dette er ein svart flekk i fylket si disponering av matjord. Skal byane vekse må dei ha høg arealutnytting, med meir høghus og parkeringskjellarar, seier han.

Vil utnytte arealet betre

Olve Grotle

AVVISER KRITIKKEN: Ordførar i Førde, Olve Grotle frå Høgre.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde er ikkje samd i kritikken.

– Når det gjeld Brulandsvellene og planane der, har vi tilpassa oss det fylkeslandbrukssjefen meinte i planprosessen. Så eg stiller meg avvisande til påstanden, seier Grotle.

– Men det er vel ikkje tvil om at de har sagt ja til å leggje store forretningsbygg på landbruksareal?

– Det er rett at vi allereie har bygd ut på Brulandsvellene. Det som også er tilfelle er at vi i den nye kommuneplanen har bestemt at vi skal ha ei betre utnytting både av allereie eksisterande areal som er delvis utbygd, og av det nye, seier ordføraren.

– Den dyrka jorda vi har er svært verdfull

På Byrkjelo i Gloppen er den nye traseen for E39 under planlegging. Ein trase som i verste fall kan stikke av med over 100 dekar landbruksjord.

No er det viktig at det ikkje blir gjort same tabbane som i Førde, seier Felde.

– Vi har ein sjølvforsyningsgrad i Norge som går nedover. Skal vi kunne vekse på matproduksjon i Sogn og Fjordane og resten av landet framover, er det ein ting som tel. Det er at vi har dyrka jord tilgjengeleg. Den er frykteleg verdfull, seier bondelagsleiaren.