Hopp til innhold

Talet på mjølkebønder halvert på ti år

Berre frå i fjor har drygt 50 bønder gitt seg med mjølkeproduksjon i Sogn og Fjordane. Dei fleste er i ytre del av fylket.

Kyr på beite ved Rødvensfjorden

VONDT TIL VERRE: Det blir færre kyr på beitet i kystkommunane i fylket.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Ein må drive stort for å tene pengar. Å kombinere det med anna arbeid blir travelt. Det er mykje jobb å ha mjølkekyr, seier Peder Akse i Leirvik. Han gav seg med mjølkeproduksjon for tre år sidan, då han vart pensjonist.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå fortel at det i 2015 er 847 mjølkebønder i Sogn og Fjordane, samanlikna med 1566 i 2005. Det er opp mot ei halvering.

På landsbasis var talet på bruk 16.190 i 2005. Det er også halvert – til 8889 i 2015.

Stolt over mjølkebøndene

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, trur det kan vere mange grunnar, men at økonomi er den viktigaste årsaka.

– Mange blir større, og det er vel og bra. Men utfordringa er at mange mjølkekvotar til dømes blir flytta frå kysten og inn mot midten av fylket. Det fører til at mykje jordbruksareal langs kysten går ut av drift, seier Felde.

Slikt gir ikkje auka matproduksjon, og ein ender til slutt opp med å berre produsere mat i delar av fylket, seier Felde.

– Men vi er stolte over at mjølkebøndene i fylket har vore på hogget, og greidd å halde produksjonen oppe. Dei har teke over kvotane til dei som har slutta og drive vidare, fortel Felde.

Firedobla sidan 90-talet

Ole-Ivar Åm Sognnes tok over farsgarden i for nokre år sidan. Også han held til i Leirvik, og han har halde fram med mjølkeproduksjon. Han trur generasjonsskifte er noko av grunnen til at mjølkebruk vert lagt ned.

– Når neste generasjon overtek, har dei som regel anna arbeid frå før av. Då legg dei i verste fall ned, eller så prøver dei seg med sau. Men sjølv då er ein avhengig av eit allsidig arbeid som kan kombinerast med gardsdrifta, seier Sognnes.

Han driv sjølv som næringsdrivande på si, sjølv om hovudinntekta er på garden. Berre sidan 90-talet har mjølkekvoten på garden hans blitt firedobla, sidan foreldra hans dreiv.

– Det blir vanskeleg å doble ein gong til, om utviklinga skal halde fram, seier han.