I Førde markerte bøndene misnøya sin ved å køyre ei løype der dei mellom anna var innom E39, der dei førte til lange køar midt i rushtida. Om lag 30 traktorar gjer til at trafikken står nærast i stampe enkelte stader langs E39.
Leiar Tor Arne Hestad er leiar i Naustdal bondelag er initiativtakar til aksjonen. Han seier dei gjer dette for å vise kor misnøgde dei er med tilbodet bøndene fekk frå staten. Hestad reknar med reaksjonar frå bilistane.
– Det er ikkje alle som forstår denne type aksjonsform. Men det er folk som kjem til å vere misnøgde og folk som viser sympati, seier han.
Forstår bøndene
Fleire bilistar NRK.no har snakka med seier dei forstå kvifor bøndene aksjonerer og tykkjer det er greitt.
«Det er heilt greitt, det står på krava. Det er viktig» og «Kjempeflott. Eg støttar dei fordi dei for lite pengar», er mellom reaksjonane.
Klokka 15 starta opptoget frå Festplassen i Førde sentrum, og konvoien gjekk vidare opp Angedalsvegen, forbi Førde sentralsjukehus og inn på E39 og vidare ned i Førde sentrum att.
– Bøndene ønskjer å syne sin frustrasjon i samband med brotet i jordbruksforhandlingane og det tilbodet som regjeringa og Listhaug har lagt fram, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren.
(Artikkelen held fram under videoen)
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Er budd på reaksjonar
Han er budd på reaksjonar frå bilistane når bøndene legg opp til å seinke trafikken midt i rushet.
– Eg trur bilførarane er klar over dei aksjonsformene som vi har. Eg har ikkje spekulert så mykje over kva reaksjonar vi får. Vi får ta det som kjem, seier Hilleren.
Han påpeikar at bøndene skal prøve å oppføre seg så eksemplarisk som dei kan.
– Men at det kjem til å seinke trafikken, det gjer det, seier Hilleren.
Men han er spent på kva reaksjonar dei aksjonerande bøndene kjem til å få.
– Eg håpar forbrukarane ser konsekvensane av politikken til den sitjande regjeringa når det gjeld matproduksjon. Dette er ein trussel mot ein sikker, trygg og eigen matproduksjon for den norske befolkninga, seier Hilleren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Lovar fleire aksjonar
Han peikar på at bøndene merkar at forbrukarane er opptekne av norsk mat.
– Vi håpar at vi for forståing for at også vi må få lov til å aksjonere når vi ser det er behov for å gjere det, seier Hilleren.
Han lovar fleire aksjonar i dagane som kjem.
– Det vil halde fram, ja, seier Hilleren.
Tysdag var det eit faktum at jordbruksforhandlingane hadde komme til eit brot, og at det var langt frå at Staten og bøndene var i nærleiken av å bli samde.
– Det er beklageleg at jordbruket bryt forhandlinga, for målsetjinga vår var å få til ei avtale, sa landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp).
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har aksjonert over heile landet
Jordbruksforhandlingane var knapt nok kome i gang før dei vart brotne. Bøndene krev 1.500 millionar kroner. Då partane gjekk frå forhandlingsbordet, var tilbodet frå Staten oppe i 250 millionar kroner.
Bøndene i Ørsta markerte ved lunsjtider onsdag si misnøye ved å stogge trafikken på E39 gjennom bygda. Og også i Trøndelag har bøndene i dag seinka trafikken på E6.
I Telemark måtte politiet rykkje ut for å stoppe ein ulovleg aksjon der lokale bønder hadde sett fyr på eit uthus.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: