Ved Statens Hus på Leikanger møtte dei første bøndene i 06-tida for å markere misnøye mot Staten i jordbruksoppgjeret.
Med traktorane skal sperrar bøndene av parkeringsplassar for statleg tilsette.
- LES OGSÅ: Isfront og brot i jordbruksoppgjeret
– Det er staten som har kome med tilbodet, og då tykkjer vi det er rett at vi markerer overfor staten sine representantar og eigedomar, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren.
– Sinte, frustrerte og fortvila
Onsdag blir andre dag at ilsinte bønder står opp mot tilbodet Regjeringa kom med i jordbruksforhandlingane. For medan bøndene ville ha 1.500 millionar kroner ekstra neste år, var staten sitt tilbod på 150 millionar kroner.
- LES OGSÅ: Ilsinte bønder aksjonerte på E39
Då forhandlingane starta tysdag, kom staten med ytterlegare 100 millionar kroner. Etter berre nokre timar gjekk partane frå forhandlingsbordet.
– Staten sa at det var opa dør, men bak den opne døra var det ingenting. Då er det ingen grunn å forhandle lenger, seier Hilleren.
- LES OGSÅ: Pressekonferansen som provoserte Frp
– Bøndene er sinte, frustrerte og fortvila over det Staten har kome med for å legge til rette for at de som forbrukarar skal få norskprodusert mat også i framtida.
Heile fylket
På Leikanger vil bøndene blokkere parkeringsplassane til dei tilsette ved Statens Hus. Dei vil også dele ut materiell og kommunisere med folk som kjem på jobb om situasjonen.
– Dei kjem seg på jobb, men det kan gjerne bli litt utfordringar å komme seg inn. Dei skal ha ein stad å setje frå seg bilen, seier Hilleren.
– Kan ein rekne med aksjonar andre stader i fylket?
– Folk som no byrjar å reise på jobb kring om vil sjå at her er det aksjonar på gang, og det vil ein merke utover fylket heile dagen.
– Det ser mørkt ut
Leiar i Balestrand bondelag, Renate Rendedal, seier aksjonen vil halde fram gjennom heile morgonrushet.
- LES OGSÅ: Ap i tenkjeboksen om jordbruksoppgjeret
– Vi kan ikkje streike som andre næringsdrivande, så vi må markere oss på andre måtar for å nå fram med misnøya, seier ho.
– Kva er det de vil oppnå?
– Det beste hadde vore å nådd fram til Frp og Høgre for å få dei til å forstå kva retning ein må ta for at ein skal ha norsk landbruk i framtida. Det ser mørkt ut i år, men vi må vise at vi er her og ikkje let oss trakke på, seier ho.
Deler bøndene si misnøye
Stortingsrepresentant og tidlegare Senterpartileiar, Liv Signe Navarsete, deler bøndene si misnøye med landbruksminister Sylvi Listhaug og regjeringa sitt tilbod.
Frå mange hald blir det uttrykt frykt for at landbruket i distrikta vil forsvinne.
– Vi vil sjå på kva handlingsrom som no ligg i Stortinget for å betre det elendige tilbodet som er lagt fram. Det er sjølvsagt Venstre og KrF som set med nøkkelen til korleis fleirtalet vil vere i Stortinget, seier Navarsete.
Vil vedta føringar
Sjølv om KrF og Venstre har samarbeidsavtale med den sitjande regjeringa, er Navarsete trygg på at det også i desse partia er mange som fryktar for framtida til norsk matproduksjon.
– Ut frå det KrF tidlegare har sagt, så vil det overraske meg stort om dei kan røyste for. Også i Venstre veit vi at det er krefter som ynskjer eit sterkt norsk landbruk. Eg håpar også dei er aktive no. Venstre har også folk frå distriktsfylke med stor del landbruk som er opptekne av dette, seier ho.
– Vi vil prøve å få fleirtal for eit vedtak som kan leggje føringar for kommande oppgjer i tillegg til å betre oppgjeret, avsluttar Navarsete.