Hopp til innhold

Boge Solås klar for 8-dels finale

Etter knusande siger mot Usbekistan, skal Kjerstin Boge Solås og juniorjentene møte Brasil.

Kjerstin Boge Solås

KLAR FOR BRASIL: 17 år gamle Kjerstin Boge Solås er no klar for 8-dels finale etter klassesigeren mot Usbekistan.

Foto: Njål Arnar Johansen

– Det blir veldig spennande å møte Brasil. Sist VM vi møtte dei tapte vi knipent, seier Boge Solås på telefon frå Moskva.

Usbekistan hadde lite å stille opp med i den siste gruppespelkampen i Junior-VM i Moskva, laurdag.

Klassesiger

Til pause stod det 26–6 til Norge, og kampen enda med imponerande 56–16 for dei norske jentene.

For Boge Solås som har vore blant toppscorarane i VM til no, blei det eitt mål inn i mot Usbekistan.

– Det har vore veldig kjekt å spele. Vi har hatt god framgang. Ting sit.

– Godt miljø

Boge Solås kjem frå Dale i Sunnfjord, og spelar no for toppserielaget Tertnes i Bergen.

17-åringen er den yngste spelaren på juniorlandslaget.

– Alderen har ikkje så mykje å seie. Det var lett å kome inn i gruppa og vere eit lag. Eg trivst godt.

– Tøff kamp

Etter kampen laurdag, har ho brukt sundagen til kvile på hotellet. Måndag møter laget Brasil.

– Eg er veldig spent. Dei vann sist, men no er vi mykje betre. Eg håpar vi greier å kome oss vidare, det hadde vore så utruleg kjekt.

17-åringen ho trur på seier.

– Ja, men eg trur det blir tøft. Dei har veldig mange gode spelarar.