Hopp til innhold

Bø til topps i junior-NM

Skiskyttaren Johannes Thingnes Bø frå Stryn vann i dag gull i junior-NM i Drangedal.

Johannes Thingnes Bø
Foto: Rune Fossum

Dermed var det ein god dag for brødrene Bø, for storebror Tarjei tok VM -gull med det blanda stafettlaget i Sibir .

– Det gjekk som eg hadde håpa. Målet var å skyte 17 treff eller betre. Eg visste at langrennsformen var inne, og samla sett var det eit bra løp, seier Bø.

Utklassa konkurrentane

17-åringen var suveren under dagens normalprogram på 20 kilometer. Han gjekk inn til tida 35:54 i 18-årsklassen og vann med 2:51 minutt føre andremann som vart Bendik Aketun frå Fyrresdal.

Under innskytinga fekk han sjå på storskjerm at broren var med på ta VM-gull.

– Dette må vere godkjent, med to av to moglege gull. Så dette er ein god dag for Bø-brødrene, seier han.

Målet var gullmedalje

Bø skaut feilfritt på dei to første skytingane, men på siste liggande vart det ein bom og siste ståande to bom.

I morgon er det kviledag under junior-NM, laurdag er det sprint og på søndag er det stafett.

– Eg har kome godt i gang med denne meisterskapen. Målet var å få ta gull, og det har eg allereie klart.