Hopp til innhold

Brørne Bø kjempar om Europa

Tarjei og Johannes Bø tekne ut til internasjonale skiskyttarrenn saman med tre andre frå fylket.

Johannes Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø tek for alvor opp kampen med broren Tarjei.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Dette vert jo mitt fyrste internasjonale renn, og då tykkjer eg så klart det er veldig artig å få vera med, seier Johannes Thingnes Bø.

- Blant dei betre norske

Tarjei Bø jublar for siger

Tarjei Bø jublar for siger under rennet på Beitostølen denne helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

17-åringen frå Markane IL skal gå europacuprennet på Beitostølen 26. - 28. november. Også Ronny Hafsås frå Stårheim er teken ut, samt at Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde vert reserve.

Thingnes Bø trur han kan gjera det skarpt.

- Sidan det kjem seniorutøvarar frå utlandet, vert så klart konkurransen hard. Men om eg treff blink og går fort kan eg gjera det rimeleg ok, og verta blant dei betre norske.

I tillegg offentleggjorde Norges skiskyttarforbund klokka 1230 måndag at Ann Kristin Aafedt Flatland og bror til Johannes - Tarjei Bø - ikkje uventa skal gå verdscuprenna i Østersund 1-5 desember og Hochfilzen 8-12 desember.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Gutubø Bogetveit

Håvard Gutubø Bogetveit er teken ut som reserve i europacuprennet på Beitostølen, og kan få sin internasjonale debut.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Må ikkje gløyma eg er junior

Yngsteblad Bø tek no for alvor opp kampen med broren - som altså vann OL-gull i Vancouver.

- Eg håpar å gå forbi Tarjei og verta betre enn han etter kvart.

- Kan du få fleire europacuprenn i år, trur du?

- Viss eg går bra no i dette rennet, så kan nok det henda. Men eg har mange viktige juniorrenn framover, og ein må ikkje gløyma at eg trass alt berre er junior, så eg bør ta gradene litt.