Hopp til innhold

Blir tidlegast opna måndag

Vegen over Vikafjellet er framleis stengt etter at det gjekk eit stort ras tidlegare i veka.

Skred Vikafjellet

STENGT: Rv. 13 over Vikafjellet er framleis stengt.

Foto: Sara Finne / Avisa Hordaland

SISTE: Statens vegvesen opplyser måndag morgon at riksveg 13 tidlegaste blir vudert opna klokka 12.

– Geolog skal vurdere staden i måndag føremiddag. Så vegen er framleis stengd, seier Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

På onsdag gjekk det eit 100 meter breitt og ni meter høgt snøras på Vikafjellet på Hordalandsida. Raset stengjer riksveg 13, og geologar vurderte faren for nye ras så stor på torsdag at vegen har vore stengd sidan.

Raset, som har gått mellom Hola og Myrkdalen, vart meldt like etter klokka 16.30 onsdag. Mannskap frå politi, brannvesen, Røde Kors, Norske Redningshunder og ambulansehelikopter vart raskt kalla ut for å søke gjennom massane. Ingen skal ha blitt tekne av raset etter dei opplysningane politiet har.

Måndag vert det altså gjort nye vurderingar om ein kan klargjere vegen for ferdsel att.

Det er framleis venta snø i både fjell og lågland i løpet av kvelden og natt til måndag.

– Snøgrensa ligg på 300 og 600 meter og at det er venta ein god del bygevêr på søndagskvelden, fortalde meteorolog Steinar Skare tidlegare på søndag.