Hopp til innhold

Framleis stor skredfare på Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet vert stengt til over helga. – Vêrforholda gjer at me vil halde området under oppsikt til søndag, seier Tore Tysse i Statens vegvesen.

Skred Vikafjellet

RYDDA: I ettermiddag har det pågått søk og rydding i rasområdet på Vikafjellet. Geologar vil vurdere når vegen kan opne att på søndag. VIDEO: Sara Finne/Avisa Hordaland

Riksveg 13 over Vikafjellet har vore stengd sidan onsdag ettermiddag, etter at det gjekk eit over 100 meter breitt snøras ved Hola i Kvassdalen.

Geologar har no vurdert skredfaren som så stor at dei held vegen stengt til søndag.

– Vêrforholda gjer at det framleis er stor skredfare der oppe. Difor vil me ha området under oppsikt i helga, og tek ei ny vurdering på søndag. Då er det meldt kaldare vêr, og skredfaren kan då verte mindre att, seier vaktoperatør Tore Tysse i Statens vegvesen.

  • Sjå bilete frå skredet nedst i saka

– Krevjande ryddearbeid

Torsdag ettermiddag vert det framleis jobba med å rydde og sikre skredområdet.

– Dei siste meldinga me fekk var at dei skulle halde på utover kvelden. Det er store snømassar som skal bort, og at skredet er så høgt gjer arbeidet krevjande, seier Tysse.

Skredet skal vere mellom sju og ni meter høgt, og 100 meter breitt.

LES OGSÅ: Raset er ni meter djupt på det djupaste - har avslutta søket for i dag | Usikkert om Vikafjellet blir opna i dag