Hopp til innhold

Blir fråteken to månadar med etterløn

Formannskapet i Sogndal kommune har vedteke at etterløna til tidlegare ordførar i Sogndal, Arnstein Menes blir avkorta til 31. oktober.

Senterpartipolitikaren fekk innvilga etterløn i 12 veker frå 5. oktober fordi politikarane trudde at han ikkje hadde ein jobb å gå til då han var ferdig som ordførar. Menes hadde permisjon fram til 31. oktober frå jobben sin ved Høgskulen på Vestlandet men hadde utan å opplyse kommunen bedd om utvida permisjon fram til nyttår.

– Det er heilt naturleg å endre eit vedtak når det kjem fram nye opplysningar, fortel noverande ordførar i Sogndal, Stig Ove Ølmheim i etterkant av vedtaket i dag.

Arnstein Menes, ordførar Sogndal

Ordførar fekk 12 veker etterløn – sa ikkje at han hadde jobb

Ordførar fortalde ikkje at han tok ut permisjon. I mellomtida fekk han innvilga raus etterløn.