– Folk heime i Masfjorden stimla saman i vindaugo då eg gjekk langs vegen. Det var akkurat som eg var blitt eit rart dyr. Det var forferdeleg, fortalde ein eldre mann frå Nordhordland i eit radiointervju med NRK i 1957.
Blant dei siste spedalske
Mannen fortalde historia si berre nokre veker før han døydde, på det som den gongen heitte Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen. Han hadde budd der i 45 år, etter at han kom dit som 18-åring.
Mannen var ein av dei siste spedalske her i landet.
– Eg hadde vondt i ein arm, som doktoren heime ikkje kunne finna årsaka til. Men
spesialisten her, overlege Lie, fastslo hausten 1911 at det var lepra. Det var eit voldsomt sjokk, fortalde mannen.
Høyr heile intervjuet her:
BERGENSLEGE: Gerhard Armauer Hansen oppdaga leprabasillen.
Døydde for 100 år sidan
– Dette er den sjukdommen i verdshistoria som er skildra lengst. I det gamle testamentet kan vi lesa at folk blei sende ut i ørkenen viss dei blei funne å vera ureine. Sjukdommen har vore ei svøpe for menneska, og dei som har fått sjukdommen er blitt utstøytte, seier Yngve Nedrebø, statsarkivar på Statsarkivet i Bergen.
Trass i at han har vore død i 100 år er ansiktet til Gerhard Armauer Hansen framleis på reisefot verda over. Ingen annan nordmann er avbilda på fleire utanlandske frimerke enn han som oppdaga leprabasillen.
STATUE I VIETNAM: Gerhard Armauer Hansen har fått sin eigen statue i Vietnam.
Foto: Gunnar BjuneOg kor mange andre nordmenn har fått ein statue i Vietnam?
Mange sjuke på Vestlandet
Frå 1600- og 1700-talet og utover var det omtrent berre på Island og i Noreg at leprasjukdommen var utbreidd i Europa.
Spesielt mange tilfelle var det på Vestlandet. Det var her Armauer Hansen byrja som lege ved dei bergenske leprasjukehusa i 1868.
Frå omkring 1850 til 1900 var Bergen ein internasjonal leprahovudstad, med tre leprasjukehus og den største konsentrasjonen av pasientar i Europa, ifølgje Lepramuseet i Bergen.
Les og:
Den 28. februar 1873 gjorde Armauer Hansen ei oppdaging som seinare skulle få stor internasjonal symbolverdi, men blant papira på lepraarkivet til Statsarkivet er det lite å finna om den historiske dagen.
– Det vekte lite merksemd på den tida. Men det viste seg seinare kor viktig det var å få slått fast at sjukdommen var smittsom, og dermed at den kunne nedkjempast med isolasjon, seier Nedrebø.
- Les meir om sjukdommen på .
Lepra-arkiva i Bergen er med på den nye lista over
, saman med blant anna NRK-programmet Hurtigruten - minutt for minutt.Mista retten til å ha pasientar
Men Armauer Hansen mista seinare både ære og retten til å praktisera som lege.
– Ein kvinneleg spedalsk pasient blei utsett for forsking, men meinte at ho ikkje hadde gitt løyve til dette. Armauer Hansen tok smittestoff frå ein annan pasient på augene hennar. Dette oppfatta ho som djupt krenkande, seier Nedrebø.
Saka gjekk til domstolen i Bergen. I 1880 blei Armauer Hansen frådømt retten til å ha pasientar.
– Dette var blant dei første gongane ein pasient har vunne fram med ein klage mot legen sin, og det er ein dom ein framleis viser til og som det blir lagt vekt på internasjonalt, seier Nedrebø.
Høyr radioreportasje:
Les og:
SJÅ VIDEO: Lepramuseet i Bergen var i 2004 nominert til kåringa av 'Årets museum'.