Hopp til innhold

Blei kvitt irritabel tarmsyndrom av ein dose avføring: – Brått kjende eg ikkje magen min

Smertene til Marte Rykkje Halstensen (32) stoppa då ho fekk avføring frå ein superdonor for fire år sidan. No får ikkje forskinga på behandlingsmetoden meir pengestøtte.

Marte Rykkje Halstensen

NYTT LIV: Marte Rykkje Halstensen jobbar no som lærar på friluftslivslina på Stord folkehøgskule. Ein jobb som hadde vore utenkeleg då ho var sjuk.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg følte meg ekkel og fæl fordi eg var så oppblåst. Det kunne gå tre veker mellom kvar gong eg fekk til å gå på do. Eg vakna på natta av så store kramper i magen at eg spydde.

Marte Rykkje Halstensen frå Stord hadde magesmerter i 28 år. Det toppa seg i ungdomsåra, og gjekk hardt utover sjølvbiletet.

Ho hadde irritabel tarmsyndrom (IBS).

– Eg var ganske ung då eg bestemte meg for at eg skulle vera åleine resten av livet. Det var ingen som skulle måtta vera med nokon som meg, seier ho.

Men så møtte ho ein mann som insisterte på at det skulle bli dei.

I slutten av 20-åra sleit Halstensen med å ha overskot til både to små ungar og fulltidsjobb som lærar.

Då kom redninga: Avføring frå ein donor transplantert inn i tynntarmen.

– Eg var veldig dårleg dagen etter, og tenkte at dette går heilt skeis. Men på dag tre vakna eg opp, og kjende ikkje magen min. Det var spesielt, for eg var van med å alltid kjenna smerte, seier.

No er det håp for fleire pasientar som Halstensen.

Marte Rykkje Halstensen

TRASSA SMERTENE: – Eg jobba fullt då eg var sjuk, men følte at eg ofra ungane for det. Eg hadde ikkje nok overskot til dei, seier 32-åringen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Nye data viser langvarig effekt

Gjennom ein slange i halsen, blir avføring frå ein frisk og veltrent person ført ned i tynntarmen på pasienten med irritabel tarm.

Behandlinga tek berre ti minutt, men effekten kan vara i fleire år.

Det viser funn frå eit forskingsprosjekt ved Stord sjukehus, i samarbeid med Helse Bergen og Universitetet i Bergen.

Heile ni av ti pasientar blei betre av behandlinga etter kort tid.

For rundt 75 prosent av dei, varer effekten av ein dose i minst tre år, viser oppfølgingsdata, som nyleg blei publiserte i det internasjonalt anerkjende tidsskriftet «Gastroenterology».

Avføring frå donor på Stord

VERDIFULL BÆSJ: Avføring frå ein mann på Stord har endra livet til mange pasientar med irritabel tarm.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Opptil ein million nordmenn har ulike gradar av irritabel tarm, men det finst inga effektiv behandling. Pasientar blir i dag sette på diettar og smertestillande og symptomdempande legemiddel.

Resultata vekkjer oppsikt

Fekal transplantasjon er blitt forska på fleire stader, med varierande resultat.

Forsøket på Stord sjukehus skil seg ut som svært lovande.

Forskarane har også funne elleve bakteriar som ligg bak irritabel tarm og utmatting. Ni av dei skal me ha høge nivå av. Dei to andre skal me ha lite av.

Overlege og professor Magdy El-Salhy

MAGDYS METODE: Professor Magdy El-Salhy meiner han har funne faktorane som gjer forskinga på Stord unik.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Dette opnar heilt nye mogelegheiter for effektiv behandling. Tenk deg tablettar eller kapslar som inneheld desse ni bakteriane, og som løyser seg opp i tynntarmen, seier Magdy El-Salhy, overlege og professor emeritus i gastroenterologi.

Han meiner dei også har funne den optimale måten å utføra slike transplantasjonar på, og peikar på fleire faktorar:

Får ikkje pengar til vidare forsking

Han meiner fekal transplantasjon kan bli godkjent som behandling om berre eit par år. Då må først ein stor internasjonal studie stadfesta funna.

– Forskingsmiljø i fleire land står klare, og har finansieringa i orden. Pasientar står i kø for å delta i studien. Det er berre å setja i gang, seier han.

Men i Noreg får ikkje forskinga pengar.

Faggruppa har søkt Helse Vest og Forskingsrådet om midlar fleire gonger, men har fått avslag. I år søkjer dei i Helse Vest for femte gong.

Avføringsprøvar på Stord sjukehus

AVFØRING: I eit kjøleskap på Stord sjukehus ligg det fleire avføringsdosar frå ein mann, som i fleire år har bidrege i forskinga.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Irritabel tarm er ein stor sjukdomsbyrde i samfunnet, og det er viktig å gå vidare med denne forskinga. Klarer me til dømes å framstilla ein bakteriekultur i ein kapsel som pasientane kan svelgja, er det ei fantastisk nyvinning, seier Odd Helge Gilja.

Han er seksjonsleiar i Nasjonal kompetanseteneste for gastroenterologisk ultralyd og overlege i Helse Bergen, og professor ved Universitetet i Bergen.

– Me treng meir finansiering, anten frå Helse Vest, Forskingsrådet eller EU, for å gå i gang med ein større internasjonal studie. Det krev ganske store ressursar, seier Gilja.

Odd Helge Gilja

UNIK FORSKING: – Funna vekkjer merksemd internasjonalt, og krev vidare forsking, meiner Odd Helge Gilja, som bidreg i studien.

Foto: Jørgen Barth

Helse Vest viser til tidlegare svar om avslag på søknader om forskingsmidlar, som blir delte ut av Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon.

«Mange fleire søknader enn de som får tildeling, er vurdert støtteverdige. Det er i første rekke de økonomiske rammene som setter grenser», står det blant anna i grunngivinga.

Fryktar at dottera må leva med mageplager

Det har gått nesten fire år sidan Marte Rykkje Halstensen vakna til eit nytt liv.

Ho jobbar som lærar på friluftslivslina på Stord folkehøgskule.

– Det er ein jobb eg ikkje ein gong hadde turt å søkja på viss eg ikkje var frisk. For eg kunne ikkje ha hatt ein sånn mage på tur i dagevis.

Ho håpar fleire no skal få tilgang på fekal transplantasjon. Dottera på åtte år har arva plagene hennar, og ho er uroa.

– Viss ho skal ha den ungdomstida som eg hadde, blir eg veldig lei meg. Eg lever i den trua at når ho blir stor nok, må dei ha klart å fiksa dette, seier ho.

Marte Rykkje Halstensen

Marte Rykkje Halstensen fekk eit nytt liv utan irritabel tarmsyndrom (IBS).

Foto: Eli Bjelland / NRK