Avføring-eksperiment gav 9 av 10 eit betre liv – no blir forskinga stoppa

Britt Mari Karlsen blei redda av avføring frå ein mann på Stord. Men forskinga som ligg bak får ikkje meir pengar. – Flaut at norsk helsevesen stoppar dette, seier overlege.

Britt Mari Karlsen

FORTVILA: I fleire år blei Britt Mari Karlsen styrt av mageproblem. – Ein må ha opplevd det for å skjøna kor altoppslukande det er.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ein million nordmenn slit med irritabel tarm. Ein folkesjukdom få snakkar om. Det finst inga god behandling, berre smertestillande og symptomdempande legemiddel.

For mange er plagene så store at dei blir sjukmelde.

– Eg følte meg fanga i min eigen kropp. Eg hadde store smerter, og var nærast sengeliggande, seier Britt Mari Karlsen.

Ein lege på Stord sjukehus og ein avføringsdonor blei redninga hennar.

Avføring frå donor på Stord

SUPERDONOR: Avføringa frå ein mann på Stord har hjelpt fleire hundre pasientar med irritabel tarm.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Superdonor gav gode resultat

Ho er ein av rundt 350 pasientar som har blitt forska på ved Stord sjukehus.

I to forskingsprosjekt fekk pasientane fått transplantert avføring frå ein donor gjennom ein slange i halsen og vidare ned i tynntarmen.

Dermed får pasientane friske bakteriar i den sjuke tarmen.

Avføringa kjem frå den same donoren. Ein frisk og veltrent mann på Stord har levert avføring til sjukehuset i fleire år. Testar viser at han har ein heilt spesiell bakterieflora.

– Han har vist seg å vera ein superdonor. Han er fødd vaginalt, brystamma, tek ingen medisinar og har eit kosthald med mykje protein, fiber og mineral, seier overlege og professor Magdy El-Salhy.

El-Salhy har leidd forskinga saman med kollegaer ved Universitetet i Bergen og i Helse Bergen.

Overlege og professor Magdy El-Salhy

TARMFORSKAR: Overlege og professor Magdy El-Salhy er sjølv overraska over dei gode resultata i forskinga.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Gode resultat

Resultata viser at 90 prosent av pasientane blei betre. Halvparten av dei blei heilt friske, og den andre halvparten er mykje betre.

– Sjukmelde har kunna byrja å jobba igjen, og pasientar har fått ekstra energi til å gjera ting dei ikkje klarte før.

Resultata skil seg ut frå forsking andre stader, og har vekt internasjonal merksemd.

Får ikkje forskingsstøtte

Men no får ikkje forskingsprosjektet vidare støtte.

Helse Vest har avslått søknaden, sjølv om dei påpeiker at forskinga kunne ha styrka arbeidet med å få behandlinga godkjent og implementert som vanleg tilbod.

Fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem, er leiar for Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon, som deler ut forskingsmidlane.

Han vil berre svara NRK på e-post.

«Mange flere søknader enn de som får tildeling, er vurdert støtteverdige. Det er i første rekke de økonomiske rammene som setter grenser», skriv Schem.

54 av 276 søknader fekk tildelt forskingsmidlar for 2021.

Søknaden frå Stord har også fått avslag frå Noregs forskingsråd.

– Flaut

Avslaget skaper no reaksjonar.

Overlege Jan Gunnar Hatlebakk i Helse Bergen, meiner Helse Vest må ha innhenta dårlege råd frå konsulentar.

– Merksemda studia har fått på internasjonale kongressar og i internasjonale tidsskrift er så stor at det er direkte flaut å måtta fortelja at norsk helsevesen stoppar dette uhyre viktige prosjektet.

Hatlebakk er leiar for Nasjonal kompetanseteneste for funksjonelle mage-tarmsjukdomar, og er med i forskinga på Stord.

– Me må vita kva som er unikt i Stord-materialet, meiner Hatlebakk.

Han seier det kan bli vanskeleg å tilrå denne behandlinga til pasientar med irritabel tarm utan vidare forsking.

Avføringsprøvar på Stord sjukehus

SAMLING AV AVFØRING: I eit fryseskap på Stord sjukehus ligg det prøvar frå både donoren og pasientane.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fryktar å bli sjuk igjen

Helse Fonna vil finansiera dei to forskingsprosjekta ut året, slik at pasientane som er med blir følgde opp. Men så er det stopp.

På Bømlo kjenner Britt Mari Karlsen symptom på at ho byrjar å bli sjuk igjen.

Det har gått nokre år sidan ho fekk transplantert inn avføring. Snart treng ho kanskje påfyll, men ingen veit kva tid metoden kan bli godkjent som behandling.

– Tanken gjer meg skremt. Eg trur ein må ha stått i det sjølv for å skjøna kor stor den frykta er. Det er snakk om å mista livet sitt, seier ho.