Hopp til innhold

Dei opplevde den verste dagen på jobb - ein brann i ein tunnel

Røykdykkarleiar Reinhart Sørensen var fyrste mann på staden då det byrja å brenne i Gudvangatunnelen måndag ettermiddag. Les om dei fyrste dramatiske minutta her.

brannmann

SAMLA PÅ BRANNSTASJONEN I AURLAND: Brannmannskapet i Aurland vart i dag kalla ut på det vanskelegaste oppdraget dei kan få. Ein brann i ein tunnel.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

– Eg har jo opplevd brann i tunnel fleire gonger før, men ein kan aldri venne seg til det, seier Sørensen, som i dag var den fyrste av brannmannskapet som tok seg inn i den 11 kilomter lange Gudvangatunnelen.

Vart møtt av eit kaos

Røykdykkarleiaren skjøna fort at det var alvorleg. Når han sjølv og brannmannskapet kom til staden, sendte han inn fleire røykdykkarar til fots. Dei fekk tatt ut mellom 10-15 personar tidleg, men det var umogeleg å ta seg fram til traileren som stod i brann.

Sørensen skjøna etter kvart det var for alt for langt, og ikkje minst tidkrevjande å gå til fots for å hente ut folk og sløkkje brannen. Brannmannskapet rygga røykdykkarbilen inn i tunnelen, og etter omlag 500 meter vart dei møtt av eit fullstendig kaos.

– Det var mykje røyk, og vi såg lite. Ein brann i ein tunnel er alvorleg i seg sjølv, men her var det mykje folk, og vanskeleg å få oversikt, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sørensen

RØYKDYKKARLEIAR: Reinhart Sørensen opplevde den verste dagen på jobb då det byrja å brenne i Gudvangentunnelen mondag ettermiddag.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Fleire av køyretøya var krasja i kvarandre, og mannskapet måtte rydde dei av vegen før dei kunne fortsette inn mot traileren.

– Då vi endeleg fekk sløkt brannen og eg fekk høyre at det framleis var 60 personar som var inne i tunnelen, då såg eg mørkt på det, seier Sørensen.

Røykdykkarbilen køyrde fleire gonger inn og ut av tunnelen. På eit tidspunkt hadde Sørensen 25 personar i røykdykkarbilen på ein gong, i tillegg til mannskap.

Blei møtt med jubel

Sørensen fortel at det sterkaste han opplevde var jubelen dei vart møtt med på utsida av den svarte tunnelopninga.

– Den jublen til dei 25 personane i røykdykkarbilen kjem eg aldri til å gløyme. Den gleda dei viste, det var ei lukkeleg kjensle, seier Sørensen.

Men gleda varte ikkje lenge for Sørensen. Inne i tunnelen venta fleire personar og røykdykkarar på meir hjelp frå brannmanskapet. Sjølv om brannen var sløkt, var det framleis mykje røyk, og mange menneske inne i tunnelen.

– Eg var veldig redd for gutane eg hadde med meg inn. Dei skulle eg vertfall ha med meg ut igjen, uskadde, seier Sørensen.

Kunne gått mykje verre

– Kva tenkjer du i timane no etter ulukka?

– Eg er veldig lukkeleg over at det gjekk så bra som det gjekk. Det kunne gått så mykje verre. No ser vi verkeleg kor viktig tryggleiken i tunnelane er, seier røykdykkarleiaren.

Seint måndag kveld er framleis mange i brannvesenet samla på brannstasjonen i Aurland. I dag vart dei kalla ut på noko av det vanskelegaste oppdraget dei kan få. Ein brann i ein tunnel.

– Det kunne gått mange menneskeliv i dag, seier brannmannen. Hadde det vore ein annan røyk, og meir energi i brannen i dag kunne det vore fleire titals menneske som kunne døydd.

– Det er ei god kjensle å redde andre menneske. Det er jo det som driv deg. Det er det som gjer at du har valt å bli brannmann, seier Sørensen.