Helse- og sosialdekan Tove Bakke ved Høgskolen i Bergen håpar at det nye studiet skal vera eit steg i rett retning.
- Studentane skal få kunnskap om både rusomsorg og psykiatriske lidingar slik at dei kan sjå heile pasienten, og ikkje berre ein del av han, seier Bakke.
- Alle har krav på spesialisthelsetenesta si, og no skal me utdanna dei 35 første som får denne spesialistutdanninga, fortset ho.
I Hordaland er det omlag 500 personar i denne pasientgruppa.