Hopp til innhold

Blanda kjensler etter Fundo-konkurs

Det er blanda kjensler hjå dei kring 300 tilsette i Fundo Wheels, etter at det i dag vart kjent at verksemda slår seg konkurs.

Video nsps_upload_2009_1_12_19_11_2_2185.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dei tilsette ved Fundo Wheels vart orientert om konkursen måndag. Bustyrar vil likevel halde fram drifta av felgfabrikken i ein månad. Stemninga er varierande hjå dei tilsette.

- For nokre er det å arbeide på Fundo meir enn ein lønnsslipp. For andre er det stor frustrasjon over å ikkje ha kontroll over ein vesentleg del av livet sitt, seier hovudtillitsvald Erik Flæthe.

- Ikkje det eg tenkte meg

Etter ei svært trøblete tid med jakt på investerorar og midlar, kom det fredag melding om at verksemda var redda i ein månad . Torsdag kunne ikkje administrerande direktør Hroar Holm Carlsen avvise konkurs . Etter ein lengre juleferie enn planlagt, vart det måndag oppstart som planlagt av felgproduksjonen . Måndag vart det også vedteke å slå verksemda konkurs .

- Men det var ikkje dette eg hadde tenkt medg då eg gjekk på jobb i dag, konstaterer Flæthe etter at fungerande styreleiar Arvid Lillehauge orienterte om konkursen klokka 15.

Hektisk månad

Med omsyn til kundane Volvo og Audi blir hjula haldne i gang i ein månad. Samstundes held ein fram jakta på nye eigarar. Flæthe trur månaden blir utfordrande.

- Den blir hektisk og den blir gjenstand for mykje spekulasjon og rykter, trur han. Kring 55 tilsette er permitterte, medan 235 kunne halde fram arbeidet i dag.

DnB Nor pungar ut

Dei neste dagane må dei også finne ei løysing på desemberløna som dei tilsette vart lova å få anten måndag eller tysdag denne veka, men som . DnB Nor har teke på seg å forskottere løna i ein månad framover frå 12. januar.

- Framtida vil vise om dette er rette vegen å gå. Samstundes er vi klar over at dette vil også gå utover ein del andre verksemder i området som har vore våre leverandørar. Det er ikkje udelt positivt for samfunnet, seier Flæthe.

Vel 100 millionar

Lillehauge trur at det er hybridhjulet som er interessant for eventuelle nye eigarar. Dette er eit hjul som Innovasjon Norge har pant i, noko som inneber at produksjonen ikkje utan vidare kan flyttast vekk frå Høyanger. Ein ny eigar må vere kapitalsterk.

- Investeringsmessig, for å få hybridhjulet opp på ein 500 000 hjul, som har vore styret sin strategi, så er det snakk om i alle fall 100 millionar og vel så det, seier Lillehauge.

Om ein ikkje lukkast med å finne nye eigarar til Fundo i løpet av den neste månaden, er det kroken på døra for kring 300 arbeidsplassar i industribygda Høyanger.