Hopp til innhold

Utelukkar ikkje Fundo-konkurs

Administrerande direktør Hroar Holm Carslen i felgfabrikken Fundo Wheels utelukkar ikkje konkurs i den kriseråka verksemda.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Men det er ikkje det ein primært arbeider mot. At vi treng tilført ny kapital, er det ingen tvil om, seier Holm Carlsen, som tidlegare har utelukka at det er aktuelt å slå Fundo Wheels konkurs.

Trur på løysing

Verksemda er inne i ei djup økonomisk krise og dei tilsette har ikkje fått løn sidan november . Desemberløna var venta i dag, men DNB Nor stogga verksemda sin tilgang til pengane. I dag skulle toppleiinga i Høyanger kommune møte med både Næringsminster Sylvia Brustad og Innovasjon Norge. Brustad måtte i siste liten trekkje seg frå møtet. Delegasjonen fekk i staden møte politisk sekretær i næringsdepartementet.

- Eg ventar at det i løpet av dagen kjem løysingar som medfører pengar. Vi ventar offentleg støtte og private pengar som tilfører oss kapitalen vi treng, seier Holm Carlsen.

I gang att måndag

Det er mellom andre ordførar Kjartan Longva og rådmann Arvid Lillehauge som i løpet av dagen møter næringsministeren. Etter det NRK kjenner til blir det arbeidd for å få på plass ei statleg krisepakke for å få Fundo ut av krisa. Holm Carlsen har tru på ei løysing. Måndag blir langt på veg ein D-dag for felgfabrikken.

- Då må vi i gang med produksjonen att for å serve kundane på ein ordentleg måte og levere i tide, seier Holm.