Politiet trudde først at denne personen er identisk med ein av bilførarane som var etterlyst i drapssaka.
Ikkje Volvo-føraren
Det viste seg at dette ikkje var personen i den plommeraude Volvo V 70-en, seier lensmann Kjell Fonn til NTB. Ein slik bil skal ha køyrt i Angedalsvegen like etter klokka sju søndag morgon, like etter det tidspunktet ein reknar med at Slåtten vart drepen. Den drepne sjukepleiestudenten Anne Slåtten vart
funnen i et kratt berre få meter frå denne vegen.
Berre vitne
Politiet har heile tida understreka at bilførarane berre er etterlyst som vitne. Saman med Volvoen skal det også ha køyrt ein annan bil. Politiet har ikkje noko signalement på denne bilen, men vonar at vitnet som no har meldt seg, kan seie meir om denne bilen.
NTB/