Hopp til innhold

Dette må du passe på dersom du skal over høgfjellsovergangane

Skal du over ein fjellovergang no i vinterkulden, er det fleire ting du bør ha på plass. Ellers kan det bli ein kald affære, i verste fall med livet som innsats.

Filefjell og temperaturar

BRRRRR: Slik såg det ut på E16 over Filefjell i morgontimane tysdag. Til høgre temperaturar for fleire av fjellovergangane i Vest-Norge.

Foto: Statens vegvesen/yr.no / Webkamera/skjermdump

I morgontimane vart det målt minus 30 grader på E16 over Filefjell. På mange av fjellovergangane i landet ligg temperaturane godt under 20 blå, også på dagtid. Då får det konsekvensar dersom bilen din stoppar, og du ikkje har budd deg godt nok.

– Dersom bilen stoppar i minus 30, så blir det fort kaldt, seier dagleg leiar i Førde bilberging, Arild Tistel.

Han har travle dagar i kulden, for også i låglandet stoppar bilane når gradene kryp nedover.

Men kulde i låglandet er på langt nær så farleg som i høgfjellet.

– Ein blir fort kald, så i verste fall snakkar vi om livsfare dersom folk blir ståande i slik kulde. Difor prioriterer vi også denne type oppdrag når det skjer, for det kan vere snakk om timar før det går gale, seier Tistel.

Dette bør du sjekke

Han har klare råd for kva du bør ha med deg, og kva du bør ha sjekka før du legg ut på biltur over ein fjellovergang.

– Ha full tank på bilen, og ha med deg mykje varme klede og skikkelege sko som tåler låge temperaturar. Det er også lurt å ha eit ullpledd liggjande i bilen, seier Tistel.

Arild Tistel ved Førde Bilberging

VÊR NØYE: Dagleg leiar i Førde bilberging, Arild Tistel, påpeikar at det er viktig både å sjekke bilen, men også å ha med nok varme klede og sko når ein skal køyre over fjellovergangar.

Foto: Simon Solheim / NRK

I tillegg må du vere sikker på at biler er i forsvarleg stand, og best mogleg rusta for å klare ein biltur i 20–30 blå.

– Sjekk oljen. Og kontroller at frostvæska toler dei temperaturane du skal ut i. Dette er slikt som ein gjerne ikkje tenkjer på i det daglege. Men bilar stoppar heile tida, og i slike temperaturar er sjansen endå større for at det skjer, seier Tistel.

Kan bli både dyrt og farleg

Kjølesystemet i motoren må ha rett blandingsforhold mellom vatn og konsentrert frostvæske. Viss frostvæska ikkje toler kulden, frys vatnet. Første konsekvens er at du ikkje får start.

Men det kan også bli dyrt dersom delar i motoren, som vasspumpe og radiator sprekk, eller dersom motoren rett og slett "skjær seg" grunna manglande kjøling.

– Når bilen er i gang får han temperatur frå motoren. Men dersom du stoppar, så kan du raskt erfare at bilen ikkje vil starte att dersom frostvæska ikkje toler kulden, seier Tistel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjøberg

NESTEN BART: På riksveg 52 ved Bjøberg var det kaldt, men nesten bare vegar i morgontimane.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

Lad batteriet innimellom

Eit anna viktig råd er å etterlade bilbatteriet. For sjølv om du har ein ny bil som går som ei klokke, så skal du vite at han brukar langt meir straum enn den gamle bilen din. Og køyrer du mest småturar, så kan du fort få deg ei overrasking.

– Å etterlade bilbatteriet med jamne mellomrom er lurt, dersom du køyrer mest småturar. Elles blir det fort stopp, seier Tistel.

(Artikkelen held fram under)

Stabile og gode køyreforhold

Sjølv om kulden har sine utfordringar, gir han i kombinasjon med tørt vêr, gode køyreforhold på fjellovergangane i landet.

– Det er stabilt kaldt, og så å seie ikkje nedbør. Dermed er det gode forhold for dei som køyrer, seier vaktoperatør ved Vegmeldingssentralen i Lærdal, Roger Nedberge Hille.

Det er ikkje meldt om spesielt vanskelege parti på nokon av overgangane, men det kan sjølvsagt vere litt glatt der det er snø og is.

– Einskilde stader er det nesten berr veg, og det er ikkje ei sjølvfølgje når vi er komne til desember, seier Hille.

Det er heller ikkje mykje vind i fjella, noko som også gir stabile forhold.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høgfjellstemperaturar

HUTRE: Så kaldt var det i morgontimane tysdag.

Foto: Yr.no / Skjermdump

Kaldt, kaldt og kaldt

Og også framover vil det bli kaldt, for både dei med og utan hjul.

– Vi har mykje austlege vindar som trekkjer inn kald luft frå aust, og det ser ut til å halde fram, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Mette Skjerdal.

Vêrtypen kjem til å halde fram så langt ho kan sjå.

– Det blir kaldt også framover. Det kan bli litt mildare i helga, men så held kulden fram, seier Skjerdal.

Dermed kan ein vente seg temperaturar mellom 20 og 30 minus i høgfjellet ei god stund framover.

– Det tørre og kalde vêret held fram, men det kan komme litt nedbør i helga. Truleg vert det litt snø, men vi snakkar små mengder, seier Skjerdal.

I ettermiddag passerer eit lite lågtrykk på kysten, noko som kan gi ruskevêr ved Stad.

– Det kan blåse opp i sterk kuling ved Stad, og då vil det sjølvsagt verke kaldare enn det er. Uansett kor ein held seg, er det iallfall viktig å kle seg godt, seier Skjerdal.