Hopp til innhold

Bil hamna i Jølstravatnet

Ei kvinne er send til sjukehus etter at bilen ho førde køyrde av vegen på E39 og ut i Jølstravatnet laurdag morgon.

- Det var ein person i bilen, og vedkommande er redda ut av bilen, fortel operasjonsleiar ved politiet, Per Rimmen.

Tilstanden til vedkommande er førebels ikkje kjent for politiet.

Ulukka skal ha skjedd ein kilometer vest for Ålhus då bilen kvinna førde køyrde i autovernet og deretter hamna i vatnet.

Kvinna var redda på land av andre trafikantar som kom til staden.

Ove Fagerheim frå Hornindal har sjølv køyrd forbi Jølstravatnet i morgontimane og såg bilen ligge ute i vatnet. Han fortel om vanskeleg føre.

- Det er blank is. Med minus ei grad og vind polerer det vegen godt, så folk må vere forsiktige, seier Fagerheim til NRK.no.