Hopp til innhold

Bil sklei av vegen: – På kort tid blei det veldig glatt

Både politiet og Statens vegvesen åtvarar om glatte vegar på Vestlandet etter fleire ulukker.

Ulukke på Voss

E16: Det var mellom Hellesneset og Kvåle på Voss at ein bil sklei av vegen.

Foto: MARITA SAUE HAMRE / AVISA HORDALAND

På E16 på Voss sklei ein bil av vegen og hamna på taket på eit jorde. Den kvinnelege føraren var innesperra i bilen.

– Dørene på bilen ville ikkje la seg opne, så føraren sat innesperra ei stund, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Kvinna blei sendt til sjukehus etter ulukka. Det var glatt på staden.

På Årødalsvegen i Molde sklei ein bil inn i midtrabatten på grunn av glatt vegbane. Bilen som kom bak kolliderte med den andre bilen. Ingen blei skadde i uhellet.

Tidlegare på dagen køyrde ein bil av vegen på fv. 49 i Samnanger. Det kom også inn fleire meldingar om glatt veg i Sunnfjord, spesielt på E39 i Førde.

På Nordmøre blei ein mann og ei kvinne i 20-åra sende til Molde sjukehus etter ei utforkøyring i Gjemnes kommune.

– Det var store materielle skadar på bilen. Vi veit ikkje kva som er årsaka til ulukka, men det blir opplyst om at det er glatt på vegen, seier Arild Reite i politiet.

Etter ei rekkje meldingar om glatt vegbane, så gjekk politiet ut med ei åtvaring til alle bilistar.

– Vegen kan sjå våt ut, men så er det likevel is, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

​ – På kort tid blei det veldig glatt

Ved Vegtrafikksentralen i vest har det vore ein travel føremiddag.

– På kort tid blei det veldig glatt på E16, og vi fekk mange telefonar frå bilistar, seier trafikkoperatør Jan Erikstad i Lærdal.

Det er framleis glatt fleire stadar. Trafikkoperatøren har ei klar oppmoding til alle som skal ferdast på vegane denne sundagen.

– Ta det med ro og ver varsam. Somme stader er det glatte parti. Entreprenørane prioriterer hovudvegane før sidevegane, seier Erikstad.

KØYRDE UT: Bilen køyrde av vegen og hamna på taket på eit jorde mellom Hellesneset og Kvåle på Voss.