Hopp til innhold

Bil hamna i sjøen i Bergen – sjåfør sendt til sjukehus

På Kjerreidviken i Bergen har ein bil køyrd utfor kaien og hamna i sjøen. Ein person har fått livreddande førstehjelp, og er no sendt til Haukeland sjukehus.

Kjerreidviken
Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Klokka 13:28 fekk naudetatane melding om ein bil som har køyrd utfor kaien i Kjerreidviken i Bergen.

– Bilen er heilt under vatn, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Alle naudetatar rykka ut, og var raskt på staden.

Ein person er henta opp frå sjøen og får livreddande førstehjelp.

Kva som gjorde at bilen hamna i sjøen, er framleis ukjent.

Dykkarar fekk raskt henta opp bilførar, og har søkt i bilen og områda rundt.

Det er ikkje noko som tyder på at fleire var i bilen, skriv Vest politidistrikt.

Naudetatane jobbar framleis på staden.

Sjåføren er ein mann i 80-åra, og er no køyrd til Haukeland sjukehus, men skadeomfanget er ukjend.

Politiet snakkar med vitne og opprettar sak på hendinga, seier Hellesund.

Bilen blir berga opp frå sjøen i løpet av ettermiddagen.