Betaler Oddekalv sin gjeld

Bergensmilliardæren Trond Mohn har betalt ut all gjeld på Kurt Oddekalvs katamaran «Miljødronningen», skriv Fiskaren. Totalt skal det dreie seg om 12 millionar kroner.

Trond Mohn smilebilde

BETALER NED: Trond Mohn har betalt ut all gjeld på Oddekalv sin katamaran.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Eg går med litt rakare rygg, sjølv med nyoperert kne, flirer Oddekalv etter å ha fått nyheita frå Mohn.

I dag var det ein lukkeleg Kurt Oddekalv som NRK prata med på telefon.

– Eg har ikkje spurt han om dette, men det er noko han har kome på sjølv, så eg vert heilt stum. Mohn er heilt fantastisk, så eg må rett og slett bøye meg i støvet, seier Oddekalv.

Kurt oddekalv

GLAD: Kurt Oddekalv vart heilt stum då han fekk vite at bergensmilliardæren Trond Mohn hadde betalt ned all gjeld på katamaranen 'Miljødronningen'

Foto: Allan Klo

Til saman betaler Trond Mohn 12 millionar kroner for å betale ut gjelda på katamaran «Miljødronningen».

– Han ønskjer å kjøpe fri båten, samtidig som han ønskjer seg eit partnarskap med meg. Eg trur han forstår meininga med båten og kor viktig den er for Norge, seier Oddekalv.

Frå før har Mohn bidratt med minst ti millionar kroner i katamaranen, som totalt kosta nærare 70 millionar kroner. I tillegg har Mohn til saman bidratt med rundt 60 millionar kroner til Miljøvernforbundet.

Gjer ting lettare

– Eg trur vi kjem til å arbeide godt i lag og så lenge vi jobbar seriøst og er tru mot det vi gjer for naturen og det norske folk, så trur eg det skal gå bra, seier Oddekalv.

– Kva betyr det for dykk at gjelda no er sletta?

– Vår tyngste gjeldsbelastning er no vekke. Det frigjer masse ressursar og det gjer mykje ting lettare.

Det har lenge pågått ei krangel om «Miljødronningen» mellom verftet Fjellstrand og Oddekalv. Etter ein rettsrunde vart miniubåten, som var ein del av Miljødronningen, tatt frå han.