Betalar ut 1,3 milliardar i utbyte
Resultatet for Eviny i fjor vart 3,8 milliardar kroner. Ein auke på 2,4 milliardar frå 2022.
– Vi leverer eit solid resultat og er godt rigga for det store samfunnsoppdraget vi har framfor oss. Overskotet vårt går i hovudsak tilbake til eigarkommunane våre, der det kjem fellesskapet til gode, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.
Styret innstiller no på 1,3 milliardar kroner til 17 vestlandskommunar, Statkraft og to lokale kraftlag som eig straumleverandøren.
Statkraft åleine får 567 millionar kronar. I tillegg får desse kommunane mest:
► Bergen kommune, 493,5 mill. kroner.
► Alver kommune, 45,1 mill. kroner.
► Øygarden kommune, 44,7 mill. kroner.
► Askøy kommune, 32,4 mill. kroner.
► Sunnfjord kommune, 29,7 mill. kroner.
Generalforsamlinga handsamar innstillinga 21. mai.