Hopp til innhold

FrP vil stogge Dalsfjordbrua

Framstegspartiet vil prøve å stogge bygginga av Dalsfjordbrua om dei kjem i regjering.

Carl I. Hagen, Siv Jensen og Per Sandberg under valgkampåpningen til Frp i Bø i Telemark.

Framstegspartiet ønskjer ikkje at det vert satsa på Dalsfjordbrua, og vil tvinge den ned på prioriteringslista om dei kjem i regjering. Her leiarane i partiet Carl I. Hagen, Siv Jensen og Per Sandberg under valgkampåpninga til FrP i Bø i Telemark.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Nestleiar i partiet, Per Sandberg, vil be Stortinget om å tvinge fylkeskommunen til å flytte brua ned på prioriteringslista.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


- Hemmande med brua

Framstegspartiet ønskjer Dalsfjordbrua dit peparen gror.

I klare ordelag seier partiet sin nestleiar og samferdslepolitiske talsmann Per Sandberg at brua ikkje bør byggast.

- Aller helst hadde eg sett at vi kunne setje ein stoppar for Dalsfjordbrua. Ho stikk av med samferdslemidlane. Vert ho bygd, vil det vere hemmande, seier Sandberg.

Vil tvinge brua vekk

Dalsfjordbrua slik ho etter planen skal sjå ut

Dalsfjordbrua slik ho etter planen skal sjå ut.

Om partiet kjem til makta vil dei vurdere å be Stortinget om å tvinge brua vekk frå prioriteringslista over fylkeskommunale vegprosjekt. I staden vil partiet oppruste riksveg 60 mellom Olden og Innvik.

- Om vi ikkje får auka løyvingane, må vi kunne omprioritere prosjekt, og satse på dei som er viktige, seier Sandberg.

- Men vil ikkje det vere å overprøve lokaldemokratiet?

- Det er verre at ei løysing som ikkje er til det beste for lokalsamfunnet og lokaldemokratiet vert gjennomført.

Jubla over satsinga

- Men også folk i Hafs-regionen stemmer på Framstegspartiet. Dei ønskjer jo også å kunne kutte ferja?

Spontan fest for Dalsfjordbrua

Det vart spontan fest då det var tklart at det ville bli løyvd pengar til brubygging. Arkivfoto.

Foto: MMS-foto:Ståle Haugen

- Ja, men nokre gongar må sentrale politikarar kunne skjere gjennom.

Det er fylka som gjer vedtak om prioriteringa av vegar som skal byggast utanom stamvegnettet og det er uvanleg at Stortinget legg seg opp i desse.

I Sogn og Fjordane har Dalsfjordsambandet, Bremanger 2 og Olden-Innvik vore på topp.

Og i haust fekk Bremanger 2 og Dalsfjordbrua dei lenge etterlengta oppstartmidlane av regjeringa. prosjektet for Dalsfjordbrua, inkludert rassikring og utbetring av omkringliggande vegar, vil koste 950 millionar kroner.

- Syner kven dei er

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete meiner at det oppsiktsvekkande utspelet viser Frp sitt sanne ansikt.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Liv Signe Navarsete let seg ikkje overraske over FrP sitt utspel om Dalsfjorbrua.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Siv Jensen har tidlegare sagt at vegar og anna infrastruktur må byggjast der det bur folk. Ikkje på Vestlandet og i andre grisgrendte strok. Så dette er ikkje noko overraskande. Her syner dei berre sitt sanne andlet, seier samferdsleministeren.

Er du samd med Framstegspartiet, bør brua kuttast i bussjettposten?

Sei di meining her;