Hopp til innhold

Berre 3 av 100 blir med på statleg flyttelass

BERGEN (NRK): Regjeringa vil ha færre statlege arbeidsplassar i Oslo. Når klageorganet for helsesaker flyttar til Bergen vel 97 av 100 heller å bli igjen i hovudstaden.

Fredrik Aasheim og

ÉIN AV HUNDRE: Seniorrådgjevar Fredrik Aasheim er ein av svært få som har blitt med over fjellet til Bergen. Hildegunn Gangsøy er ein av mange som tek fatt på ny jobb i vestlandsbyen.

Foto: Christian Lura / NRK

Det statlege klageorganet Helseklage må starta med blanke ark når dei flyttar frå hovudstaden til Bergen.

Sjølv om etaten lokka med økonomisk godtgjersle, er seniorrådgjevar Fredrik Aasheim ein av berre tre som har valt å følgja flyttebilen over fjellet.

Høie: – Som venta

– Eg trur det har mykje med familie å gjera. Eg er ikkje i ein slik situasjonen, men det er klart det er vanskeleg nok for éin person.

Det at berre tre blei med til Bergen overraskar ikkje helseminister Bent Høie (H), som stod for den offisielle opninga i dag.

Bent Høie på åpningen av Helseklage

IKKJE OVERRASKA: Helseminister Bent Høie (H) under opninga av Helseklage i Bergen torsdag. Han er glad rekrutteringa i Bergen har vore god, men forstår det er vanskeleg for dei som mister jobbane.

Foto: Christian Lura / NRK

– Me veit at når ein flyttar statlege arbeidsplassar ut av Oslo er det ikkje mange som blir med. Det er sjølvsagt vanskeleg for dei som bur i Oslo, men me ser at rekrutteringa i Bergen har vore god.

Uviljen mot å flytta er ikkje ny. Det same skjedde då regjeringa flytta Konkurransetilsynet ut av hovudstaden og til Bergen i 2003.

Den gongen flytta i overkant av tjue prosent av dei tilsette, sjølv om berre ti prosent hadde sagt at flytting var aktuelt i høyringsfasen.

– Dette var ei klok avgjerd. Eg meiner Bergen har, på grunn av sin medisinske og juridiske kompetanse, gode føresetnader for å vera vertskapsby for eit så viktig statleg organ, seier Høie.

– Håpar framleis på fleire

Fordeling av statlege kompetansearbeidsplassar over heile landet er hovudargumentet for flyttinga.

Rose-Marie Christiansen

TRUR FLEIRE FØLGJER ETTER: Helseklage-direktør Rose-Marie Christiansen har ikkje gjeve opp håpet om at fleire blir med over fjellet. – Det er enno to år igjen av omstillingsperioden.

Foto: Christian Lura / NRK

Direktør i Helseklage Rose-Marie Christiansen, ser fram til å koma på plass. Først om to år er Helseklage endeleg etablert i Bergen.

– Bergen treng ein stor statleg arbeidsplass. Etter kvart skal det bli over hundre tilsette, men det tek tid å bygga opp eit solid apparat i Bergen. I prosessen har mange dyktige medarbeidarar slutta.

Men Christiansen har ikkje mista håpet om at fleire flyttar kontor til Bergen.

– Dei tre som har flytta er fantastiske ambassadørar for dei som er i tenkeboksen i Oslo, så eg trur det blir fleire.

Fredrik Aasheim og Hildegunn Gangsøy

NY JOBB: Hildegunn Gangsøy er ein av mange som tek fatt på ny jobb. Ho kjem frå Havforskingsinstituttet i Bergen. – Her får ein vera med å byggja opp noko heilt nytt frå starten.

Foto: Christian Lura / NRK

Flyttar ikkje permanent

Men sjølv ikkje dei som blir med frå Oslo gjer bergensarar av seg. Korkje direktøren eller Aasheim har busett seg i byen permanent.

– Eg kjem til å pendla i nokre år, diverre får eg ikkje mannen min med meg, seier Christiansen.

– Enn så lenge vekependlar eg, så får me sjå. Men eg trivst godt her, så eg ser ikkje vekk frå at eg flyttar.