Hopp til innhold

Bergensstudentar i Japan

– Vi har fått kontakt med alle dei 20 elevane våre som er i Japan, seier rektor ved Fana Folkehøgskule. Universitetet har berre fått kontakt med to av sine studentar i landet.

Jorskjelv i Japan

Alt om katastrofen i Japan

Foto: REUTERS TV / Reuters

– Vi har fem elevar som er på utveksling i Japan no. Samtidig har vi fjorten som skulle reist ut i desse dagar, og der er vi i gang med å kartleggja om nokon har reist ned tidlegare.

Det seier Eli Zachariadis ved Universitetet i Bergen sin internasjonale seksjon.

Berre to av studentane har kontakta universitetet med melding om at dei er utanfor fare.

Les også: Japan rammet av jordskjelv og tsunami

– Alle vert oppmoda om å kontakta oss, og vi prøver å få tak i alle via ulike kanalar. Men ettersom telefonnettet er delvis nede, er det ikkje så lett å ha oversikt, seier Zachariadis.

20 elevar overraska av jordskjelv på skuletur

– Det var litt vanskeleg å få kontakt med alle, men det lukkast oss til slutt å kommunisera med alle via sms. Me veit òg at elevane har hatt kontakt med kvarandre.

Det seier ein letta rektor ved Fana Folkehøgskule, Dagfinn Eggen, på spørsmål om korleis det står til med dei 20 elevane frå skulen som for tida er på skuletur til Japan.

Fleire av elevane er i Tokyo-området, der jordskjelvet som målte 8,9 på richters skala råka fredag morgon.

Vurderer å dra heim tidlegare

Det er psykologilinja ved skulen som er på studietur, og dei har mellom anna besøkt Hiroshima, Kyoto og Tokyo. I dag var dei delt i tre grupper, men eg har altså fått melding om at alle har det bra, seier Eggen.

– Vi er i kontakt med Utanriksdepartementet, og vil no vurdera å få sendt elevane heim, avsluttar han.

Ei ti meter tsunamibølgje skyljer no over landet etter jordskjelvet. Minst 26 personar er omkomne, men styremaktene fryktar at langt fleier skal mista livet i katastrofen. Alle stillehavslanda har no sendt ut tsunamivarsel.

Det har ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med dei to lærarane frå Fana Folkehøgskule som er med på turen.

Kan vera fleire norske studentar i landet

Fullstendig oversikt over kor mange studentar frå Hordaland som er i Japan akkurat no, har ein førebels ikkje.