Hopp til innhold

Rekordbeslag etter storaksjon rundt Nygårdsparken

Politiet i Bergen vil tømme Bergen sitt svar på «Plata». Dei har gjort rekordbeslag dei siste vekene.

Narkotikasalg

Rekordbeslag av narko i Bergen

Politiet i Bergen har dei siste fire vekene gjort rekordbeslag i ein storaksjon mot narkotikamiljøet i byen.

– Meir enn nokosinne

199 personar er arresterte i området, og politiet er ikkje ferdige med å aksjonere.

– Målet har vore å arrestere flest mogleg, og me har teke både store og små fiskar, seier politistasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon, Olav Valland.

– Me har aldri tatt så mykje narkotika på fire veker, seier Valland.

Av det som er teke er mellom anna to kilo hasj, 450 gram amfetamin og 75 gram heroin. I tillegg til 130 000 kroner i narkotikapengar.

Bergen sitt «Plata»

Nygårdsparken

KJENT FOR NARKOTIKA: Nygårdsparken i Bergen sentrum er kjent for å vere tilhaldsstad for mange lovlause.

Foto: NRK

Narkotikamiljøet rundt Nygårdsparken er kjent for å vere Bergen sitt svar på «Plata» ved Oslo Sentralbanestasjon, med ein enorm flyt av sal og bruk av ulovlege stoff.

– Miljøet er nok så stort som me frykta, seier Valland.

Politiet meiner talet på misbrukarar og utanlandske seljarar i parken har gått ned etter aksjonen. Samstundes er det likevel ikkje færre som bryt lova.

– Me arresterte like mange den fyrste veka som den siste, seier Valland.

Roar ned

Storaksjonen har vore planlagt lenge og fortset framover, men politiet set ned tempoet etter storinnrykket.

– Me er ikkje ferdige, men kjem ikkje til å gå så intensivt fram i tida som kjem, seier politistasjonssjefen.

Narkotikasalg

Rekordbeslag av narko i Bergen