Hopp til innhold

Bergensbanen stengd – uvêr stengjer fjellovergangar

Eit godstog spora av og eit arbeidstog køyrde seg fast mellom Finse og Haugastøl. Bergensbanen er stengd, og eit ras stengjer rv. 13 over Vikafjellet.

Godstog sporet av på Bergensbanen

AVSPORA TOG: Onsdag morgon meldte Bane Nor at Bergensbanen er stengt på ubestemt tid grunna eit avspora godstog mellom Finse og Haugastøl.

Foto: Bane Nor

SISTE: Bane Nor håpar å kunne opne strekningen i løpet av kvelden.

Godstoget er trekt vestover og står no på Finse. Arbeidstoget som køyrde seg fast tidlegare i dag, har òg komme laus frå snøen.

Arbeidet med å utbetre skadane på sporet er i gang.

– Det ser ut som vi kan gjere nokre førebelse reparasjonar og opne strekninga for trafikk i løpet av onsdag kveld. Disse prognosane kan endre seg, men vi er optimistiske, skriv Bane Nor i ein pressemelding.

To togulukker

Klokka 06.19 onsdag morgon meldte Bane Nor at Bergensbanen er stengt på ubestemt tid grunna eit avspora godstog mellom Finse og Haugastøl.

– Masse mannskap har rykka ut, men dei har ein del utfordringar med å ta seg fram. Det er rykka ut bergingstog frå Oslo og Bergen, seier Olav Nordlie, pressevakt i Bane Nor.

Rundt klokka 13 lukkast dei i å løfte godstoget tilbake på skjenene.

Onsdag formiddag køyrde også et arbeidstog seg fast i snøen like aust for godstoget.

– Arbeidstoget køyrde først til fram til godstoget for å trekka med seg vognene, men det var for mykje snø til å kopla seg på. Toget returnerte derfor austover for å henta meir mannskap, og det var då det køyrde seg fast, fortel kommunikasjonsleiar i Bane Nor, Ingunn Halvorsen.

Det er ifølgje Halvorsen varmegrader og svært våt og tung snø på staden.

Arbeidstog fast sør for havarist på Bergensbanen

FAST I SNØEN: Et arbeidstog køyrde seg fast i snøen øst for godstoget.

Foto: Bane NOR

Må finne alternativ

Det er uvisst kor lenge bana vil vere sperra, og Vy må finne alternativ transport til passasjerane. Dei set opp bussar mellom Gol og Voss.

– Me fekk på plass nok bussar til at det var god nok avstand mellom folk på dei, seier Gina Schulz, pressevakt i Vy.

Som følgje av koronaviruset er det færre avgangar enn normalt for Bergensbanen, som gjer at det er færre avgangar som blir innstilte.

Bane Nor understrekar at det ikkje er ei dramatisk avsporing, og at ingen er kome til skade.

Innstilt tog.

INNSTILT: Bergensbanen er innstilt på ubestemt tid. Bane Nor melder at neste oppdatering kjem klokka 16.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Ras og stengde fjellovergangar

Like over klokka 12.30 onsdag melder Vegtrafikksentralen at riksveg 13 over Vikafjellet er stengt grunna eit snøras. Det blir ei ny vurdering i morgon klokka 14.

Fleire fjellovergangar er og stengde grunna dårleg vêr.

Statens vegvesen ser føre seg at køyreforholda kan bli verre i løpet av dagen.

– Situasjonen er blitt betre utover morgonen, men vi ser at det er meldt ein del uvêr framover, så vi får sjå korleis det utviklar seg, seier trafikkoperatør Ove Amundsen.

Det stadfester meteorolog Kristin Seter. For fjellovergangane er det venta snø i fjellet i heile dag, i tillegg til ein god del vind.

– Det blir nok dårlegare forhold i løpet av dagen i dag, seier Seter.

Sør for Dovre vil det vere rolegare frå og med i morgon, ifølgje meteorologen.

Dette er statusen på fjellovergangane onsdag kl. 18:

  • Riksveg 7 Hardangervidda: Stengd, blir ikkje opna i dag
  • Europaveg 16 Filefjell: Open for trafikk.
  • Riksveg 13 Vikafjell: Stengd grunna ras
  • Riksveg 15 Strynefjell: Stengd, ny vurdering i torsdag klokka 10
  • E134 Haukelifjell: Open for trafikk
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland: Open for trafikk
  • Fylkesveg 53 Tyvin – Årdal: Stengd, blir ikkje opna i dag
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjell: Open for trafikk
Vikafjellet

RAS PÅ VIKAFJELLET: Like over klokka 12.30 melder Vegtrafikksentralen at riksveg 13 over Vikafjellet er stengt grunna eit snøras.

Foto: NRK-tipsar

Fleire steinras i natt

Det har gått steinras mellom Matreberg- og Masfjordtunnelen langs E39 og i Årdalstangen på fylkesveg 53 i natt. Vegane er no opne, men som følgje av uvêret er det risiko for fleire ras.

– Vi veit av erfaring at vann flytter på seg, og at vann finn nye vegar, seier Amundsen.

Statens vegvesen følg derfor med på tunnelar langs E39. Det er meldt mykje nedbør, og vegane kan bli stengde om det skulle gå fleire ras utover dagen.

– Vår entreprenør har folk med god lokal kunnskap, og dei veit kor det er sårbart og gjer vurderingar, seier Amundsen.