Bergen kommune kalla fredag inn til pressekonferanse som skal handle om den norske søknaden om sykkel-VM 2017.
Her presenterte sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen siste nytt frå det internasjonale sykkelforbundet (UCI).
På pressekonferansen kjem det fram at Bergen konkurrerer med tre andre byar om å få arrangere sykkel-VM i 2017.
Australia og Austerrike
To av byene Bergen konkurrerer mot er blant anna Innsbruck i Austerrike og Melbourne i Australia, kom det fram på pressekonferansen. I tillegg er Colombia med i kampen, etter at søknadsfristen no definitivt er ute.
Mange vil kanskje bli skuffa over nyhenda i dag, då Bergen lenge var aleine som søkarby. No har altså fleire byar meldt seg på i kampen.
– Me driv konkurranseidrett og dette må me og konkurrere om, seier sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen.
Artikkelen held fram under videoen:
– Bergen er best
Den norske sykkelpresidenten trur det er dei europeiske byane som ligg best an i søkjeprosessen, og at Bergen har eit forsprang.
– Det vert VM i USA i 2015 og i Qatar i 2016, så meisterskapen burde komme til Europa no. Dermed meiner eg at Bergen og Innsbruck ligg best an.
– Vi er stolte av søknaden vår og det har vi grunn til. UCI seier den er kjempebra, seier Hansen.
Han er ikkje i tvil om at Bergen har den beste søknaden.
– Bergen er best. Entusiasmen og folkefesten blir best her. Vi har den beste søknaden og det er på tide at vi får eit VM her.
– Vi er klare
Også byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen meiner Bergen har eit fortrinn.
– Vi har gjort ein veldig god jobb med å sikre dei økonomiske rammene. No skal vi halde fram med å promotere vår søknad i tida framover. Bergensarane er gode på fest, og vi er klare for å arrangere VM, seier ho til NRK.
Det internasjonale sykkelforbundet skal fram til juni vurdere dei ulike søknadane.
– No veit med endeleg kven me konkurrerer mot, seier idrettsbyråd Gunnar Bakke, som trekk fram at Bergen sin søknad er langt meir komplett enn konkurrentane sine.
– Vi er den einaste byen som har levert ein komplett søknad. Me meiner det er ein fordel når vi no skal vurderast opp mot kvarandre.
Bergen har kjempa lenge om å få sykkel-VM til byen. Like før jul bladde regjeringa opp 30 millionar til arbeidet med å få meisterskapen til Bergens gater. Pengane var avgjerande for at den formelle søknaden kunne sendast innan fristen.