Hopp til innhold

Her jublar dei for millionar til sykkel-VM

Regjeringa blar opp 30 millionar kroner til det som kan bli tidenes sykkelfest i Bergen. Dermed kan byen søkje om å få arrangere sykkel-VM i 2017. Ordføraren trur ingen kan måle seg med dei.

Gunnar Bakke og Trude Drevland

FEIRA PÅ RÅDHUSET: Idrettsbyråd Gunnar Bakke (Frp) og ordførar Trude Drevland (H) på rådhuset i Bergen jubla etter å ha følgd spent med på kulturministeren sin videooverførte pressekonferanse.

Foto: Erling Johnsen / NRK

Det vart klart på ein pressekonferanse med kulturminister Thorhild Widvey (H) fredag ettermiddag.

– Sykkel-VM er eit stort og spennande meisterskap. Regjeringa ønskjer å bidra til at Norge kan vere vertsnasjon for enkelte internasjonale idrettsmeisterskap gjennom tilskot til anlegg, seier kulturminister Thorhild Widvey (H)

Lovar folkefest og Norges-reklame

– Dette er ein stor dag for Bergen. Jula kom litt tidleg. Eg er enormt glad for at regjeringa gir si tilslutning til vår søknad, sa ein glad byrådsleiar i Bergen, Ragnhild Stolt-Nielsen (H).

Ho lovar at Bergen vil arrangere ein fantastisk folkefest, viss byen blir tildelt sykkel-VM i 2017.

– VM vil ha 300 millionar tv-sjåarar. Vi skal vise fram Norge på sitt beste.

Ba om 40 mill.

Staten fekk opphavleg ein søknad om 40 millionar kroner i statstilskot. Høgre-toppen frå Bergen verka likevel ikkje å vere spesielt skuffa over at det «mangla» 10 millionar i det endelege tilslaget.

– Som byrådsleiar er eg utruleg takknemleg for den støtta vi får frå regjeringa til å lage den folkefesten som sykkelsporten og Norge fortener, sa Stolt-Nielsen under pressekonferansen.

Med seg på laget har Bergen kommune Norges Cykleforbund og Norges Idrettsforbund.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Det norske laget i sykkel-VM

VERDSSTJERNER: Det er slike bilete bergensarane ønskjer seg.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Kjenner seg trygg på at dei får VM

Kultur- og idrettsbyråd i Bergen, Gunnar Bakke (Frp) er glad og letta etter at hans eiga regjering no altså løyver pengar – berre ein dag før søknadsfristen for å få arrangere VM går ut.

– Vi er kjempeglad. Eg vil takke regjeringa for at dei har gjort det mogleg for å sende av garde søknaden. Vi var ein dag frå fristen. Eg er trygg på at vi skal få orden på at dei siste kronene som skal til for å få dette finansiert, seier Bakke til NRK.

– Kor skal ein finne desse midlane?

– Dette er kanskje den beste marknadsføringa innanfor reiselivet i Norge, og det burde vore mogleg å finne nokre midlar innanfor Innovasjon Norge sine system. Eg reknar med at regjeringa finn dei resterande midlane. Det har eg store forventingar til. Dette er småpengar for å hospitere det tredje største idrettsarrangementet i verda, seier byråden.

Gunnar Bakke

VM-KAKE: Idrettsbyråd Gunnar Bakke (Frp) feira regjeringa si millionstøtte med kake fredag ettermiddag.

Foto: Erling Johnsen (mms) / NRK

Og Bakke er trygg på at VM blir i Bergen. Etter det han har fått av signal frå UCI, det internasjonale sykkelforbundet, skal Norge vere den einaste reelle søkjaren.

– No er viktig milepæl passert, no ventar vi i spenning på UCI si avgjerd. Eg er heilt sikker på at vi får sykkel-VM. Dette er så viktig for Norge og marknadsføringa for Norge, at dette kjem til å ordne seg.

Også Colombia søkjer VM

Bergen kan likevel vente seg motstand når det internasjonale sykkelforbundet, UCI, skal behandle søknaden. Mellom anna har Colombia varsla at dei vil søkje om VM i 2017.

I Bergen er dei likevel sterke i trua.

– Eit sykkel-VM vil bety mykje for heile Hordaland. Ikkje minst for reiselivsnæringa, men også for andre. Det blir eit stort arrangement som vi vil merke både i lang tid i førevegen og lenge etterpå, seier fylkesvaraordførar i Hordaland, Mona Hellesnes.

– No skal vi verkeleg leggje trykket på UCI for at vi skal få VM til Bergen. Mange millionar sjåarar skal få nyte Bergen og Hordaland på TV-skjermen i 2017. Vi har alt å tilby, seier ordførar Trude Drevland (H).

(Saka held fram under biletet)

Jubla for millionar til sykkel-VM

FØRJULSGÅVE: Frammøtte på rådhuset i Bergen applauderte då kulturministeren sin pressekonferanse i Oslo vart vist på storskjerm.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ho trur ingen kan måle seg med dei, og har, som ho sjølv seier, trua inntil døden. Difor hadde ho venta at regjeringa ville stille opp, men samstundes var det ikkje heilt nervefritt.

– Det er klart at når det vart utsett førre veke så har eg hatt vondt i magen sidan det. Eg hadde blitt så skuffa om ikkje mi eiga regjering hadde sagt ja. Men det er ikkje berre slik at ein berre blunkar og seier ja til 40 millionar, så eg takkar regjeringa hjarteleg.

Avgjerande

Prosjektleiar Erik K. Halvorsen i Sykkel-VM i Bergen sa tidlegare fredag at det var heilt avgjerande om dei fekk positivt svar på søknaden i dag.

– Viss vi får ja, rekk vi akkurat å sende søknaden i tide før jul. Viss ikkje avsluttar vi heile prosjektet, sa han til NRK.no.

Også Colombia har meldt si interesse for å arrangere sykkel-VM i 2017.

(Saka held fram under biletet)

Får 30 millionar til sykkel-VM

JUBEL: Steinar Remme i Fana sykkelklubb (t.v.), Bjarte Hetlevik i Sotra sykkelklubb og Frode Nyhammer i Fana sykkelklubb (t.h.) er blant initiativtakarane til sykkel-VM i Bergen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Bjarte Hetlevik i Sotra sykkelklubb og Frode Nyhammer og Steinar Remme i Fana sykkelklubb er blant dei som har vore initiativtakarar til å få sykkel-VM til Bergen. Dei var på plass på rådhuset i dag, og var svært nøgd med utfallet.

– Det er kanskje ein viktigare milepæl i dag enn om vi får det eller ikkje. Sjansen er jo veldig stor for å få det no når vi har fått statleg støtte. Dette går vegen. Det blir søkt no, og så står det berre att kva UCI seier, seier Hetlevik.

Ideen kom langt tilbake til tid. Dei to klubbane arrangerte NM i lag i 2008. Då det vart suksess, tenkte dei at neste steg var VM og gjekk til kommunen.

– Dei såg litt tvilande på oss ei stund, men så gjekk det bra. Eg trur dei såg håpet dei og, seier Nyhammer.

Og Steinar Remme trur eit sykkel-VM i Bergen vil gi ei oppleving utan like til heile Norge og resten av verda.

– Å ha eit VM inne i Bergen sentrum vert heilt unikt med Bryggen og heile sentrum. Normalt sett syklar dei ute på landet, men her får vi det midt inne byen, og det trur eg vert heilt unikt.