Hopp til innhold

Ber om varetektsfengsling i to nye veker etter knivstikking på Os

Politiet har bede om to nye veker i varetekt for 16-åringen som er sikta for drapsforsøk, etter at ein 15-år gamal gut vart knivstukken på Os søndag 25. februar. Det melder BT. 16-åringen er no også sikta for vald, trugslar og ransforsøk. Knivstikkinga skjedde ved bussterminalen som vanlegvis er hyppig trafikkert av folk som reiser til og frå Bergen. Politiet var tidleg ute og sa at den sikta og fornærma kjenner kvarandre.

Knivstikking på Os
Foto: Ragnar Tjøstheim / NRK