Arbeidet med å rydde opp etter tunnelbrannen er meir omfattande enn først rekna med. Difor kan det i verste fall ta ein månad før E16 og Gudvangatunnelen opnar igjen.
- LES OGSÅ:
Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, frykta dette allereie då han høyrde om tunnelbrannen måndag.
– No meiner eg absolutt vi må få i gang ferjestrekka som er gamle E16, nemleg Lærdal-Gudvangen. Det må bli hyppige avgangar og det må bli to store ferjer, seier Solheim.
– Viktig vegsamband
VIKTIG: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, meiner eit mellombels ferjesamband mellom Gudvangen og Lærdal vil vere til god hjelp.
Foto: Lærdal kommuneHan meiner det er naturleg at staten tek ansvar for kostnadene dette vil medføre om det blir aktuelt. Solheim seier dette er viktig for å ta av noko av trykket som dei andre ferjesambanda kjenner på. Klokka 18.00 torsdag kveld vert det meld om to timar ventetid på begge sider på ferjesambandet Bruravik-Brimnes.
– Dette er ein Europaveg, vi snakkar om E16, det viktigaste sambandet mellom våre to største byar, seier ordføraren.
Etter dialog med ordførar i nabokommunen Aurland, Noralv Distad, har Solheim sjekka litt rundt for å finne ut korleis moglegheitene er for å få ferjesamband mellom Gudvangen og Lærdal opp og gå.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ber vegvesenet sjå på saka
Dei meiner at med to fullt brukande ferjekaier er dette løysinga på at trafikken hopar seg opp på ferjesambanda på omkøyringsvegane.
– Eg har sjekka med Fjord1 at den ferja som i dag går mellom Kaupanger og Gudvangen er kommersiell driven og har mykje bestillingar, så den er vanskeleg å få til å gå om Lærdal, og det er i ferje. Her må vi snakke om heilt anna regularitet, seier Solheim.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Vi er nøydd til å ha to båtar, og det har ikkje Fjord1 kapasitet til å setje inn fort, så kor vi skal finne dei med ein gang veit eg ikkje. Men ved Brimnes-Bruravik er det sannsynlegvis to båtar som vert ledige frå 17. august, så det er i alle fall ei løysing vi bør sjå på, meiner han.
Har fokus på hovudsambanda
No oppmodar han Statens vegvesen om å vurdere ei slik løysing. Paal Fosdal, fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen, seier dei allereie har fått dette innspelet.
– Vi er først og fremst nøydde til å konsentrere oss om dei store ferjesambanda på omkøyringsvegane, og så får vi eventuelt vurdere dette innspelet seinare, seier Fosdal, som ikkje vil kommentere saka utover dette.