– Eg vil nok oppmode folk om å starte nedfarten frå fjellet tidleg i dag, seier Roger Nedberge Hille som er vaktoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.
Så langt har ikkje det verste uvêret slått til for fjellovergangane til og frå Sogn og Fjordane, om ein då ser vekk frå Vikafjellet og Hemsedalsfjellet.
– Både på Hol – Aurland, Filefjell og Strynefjellet er det bra no. Ifølge vêrprognosen som eg no sit med så skal vinden heller ikkje auke ut over dagen, seier Nedberge Hille.
Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar.
Men allereie seint laurdag kveld slo uvêret inn over Vikafjellet. Der vart det i natt innført kolonnekøyring på grunn av vanskelege køyreforhold. Ivar Vassli Brekke var med som sidemann i brøytebilen på Vikafjellet i natt. Han fortel at det til tider var så tett at dei ikkje kunne sjå handa føre seg.
– Det var mykje snøkav. Rett som det var måtte vi berre stogge å vente fordi snødrevet var så tett at det ikkje var forsvarleg å køyre, seier Vassli Brekke.
– Sjølv om forholda er bra på fleire av fjellovergangane no, vil eg likevel oppmode folk om å køyre tidleg ned frå fjellet. Med litt dårleg vêr og mykje trafikk skal det ikkje meir til enn at ein bil køyrer seg fast før det kan oppstå problem, seier Nedberge Hille.